Ungdomsrådsleiar: – Bra at det er lovpålagt å høyra på oss

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdommen må ha ei stemme. Er du ikkje myndig, har du ikkje stemmerett, og kan ikkje ytra deg på den måten. Me må visa at me er her, og gje ungdommen eit talerøyr.

Det seier leiar av ungdomsrådet i Voss herad, Marcelius Christensen Prestegård, då han treff Framtida.no utanfor tinghuset på Voss.

Etter kommunevalet i fjor tredde ei ny kommunelov i kraft, som lovfesta retten til kommunale og fylkeskommunale ungdomsråd. Lova inneheld også ei ny forskrift, som mellom anna opnar for at ungdomsrådet kan få myndigheit til å dela ut pengar.

Rådet skal vera eit rådgjevande organ for kommunen, og skal ha rett til å uttala seg i saker som gjeld ungdom.

Rådsleiar Prestegård er 16 år, og går fyrste året på musikklina ved Voss gymnas.

Han vart med i ungdomsrådet året før det vart lovpålagt for kommunane å ha eit medverknadsorgan for ungdom, og har vore leiar i snart eitt år.

Bra med lov om ungdomsråd

– Eg likar å vera i leiarstillingar, og dette var noko eg ville gjera. Så eg melde meg, og vart stemt fram.

Prestegård synest at kravet om at alle kommunar skal ha ungdomsråd, har gjeve dei klarare rammer for kva rådet skal halda på med.

– Før i tida var det meir at rådet tok opp saker sjølve. No er oppdraget vårt klarare definert. Rådet fungerer som andre folkevalde organ. Me tek framleis opp saker sjølve, og i tillegg sender heradet oss saker dei tenker er viktige for oss, og saker dei vil ha meininga vår om.

Det har vore eit rart, men bra fyrste år som leiar for Prestegård.
Foto: Andreas Brattåker Støyva

For tida er rådet opptekne av å få på plass ein møteplass for motorinteressert ungdom. Dette er ein sak dei har teke opp sjølve. Det har også vore snakk om ein ny idrettshall på ungdomsskulen, mellom anna.

– Ingen saker er viktigare enn andre. Me har mykje motorinteressert ungdom, men ikkje noko øvingsarena. Difor tek me tak i det, forklarar 16-åringen.

Ei viktig sak som ungdomsrådet har fått gjennomslag for, er gratis vaksiner mot hjernehinnebetennelse for russen.

– Det var gratis i mange andre kommunar, og det er ikkje alle som har 600 kroner å bruka på vaksine. Me tok det opp, og heradsstyret var samde i at det måtte vera gratis. Så me vert høyrde, og får gjennomslag.

Kort veg til ordføraren

Rådsleiaren er særs glad for at dei har kort veg til «dei vaksne» i heradet.

– Ordføraren, Hans-Erik Ringkjøb, er med på alle møta, så om det er noko ein lurar på eller vil ta opp, er det berre å spørja. Det er ei veldig god ordning.

Men, det har ikkje vorte så mange slike møte i 2020. Korona-året har vore annleis for ungdomsrådet. Nedstenging og restriksjonar har gjort det umogleg å gjennomføra vanlege møte, og dei har måtte nøya seg med digital møteverksemd for å ta opp sakene dei har hatt liggande.

– Det er i utgangspunktet lagt opp til åtte-ni møte i året. Elles skal me kunne møtast når me ynskjer det. Det heile er jo ganske nytt, men eg håpar me skal kunne få til å møtast ein gong i månaden, når ting er normalt att, seier 16-åringen.

Det viktigaste for den unge rådsleiaren, er å få ungdommen til å bry seg meir om nærmiljøet sitt. Han trur mange ikkje tenker over det, at dei faktisk har ein kanal kor dei kan bruka stemma si.

Pengar å dela ut

Eit av punkta i den nye forskrifta, bør kunne hjelpa dei godt på veg med dette oppdraget. Punktet opnar nemleg for at kommunane kan gje ungdomsråda myndigheit til å dela ut pengar. Dette har heradet gjeve ungdomsrådet løyve til, på Voss.

Ungdomsrådet har fått kring 100 000 kroner å dela ut. Dei har mellom anna vore med å sponsa eit kulturarrangement som heiter «Vangenfest», og volleyballturnering på ungdomsskulane.

Voss kommune vart slått saman med Granvin herad gjennom kommunereforma, utan at det har vore spesielt merkbart i ungdomsrådet.

– Me har fått nytt kommunevåpen, og gått frå kommune til herad. Elles er det jo berre ein skule i Granvin, så det har ikkje vorte veldig annleis. Me har representantar frå alle ungdoms- og vidaregåande skulane i heradet, så alle sine interesser skal vera representert.

Ungdomsrådet håpar å skapa ein møteplass for motorinteressert ungdom på Voss.
Foto: Rebecca/Flickr (CC BY-ND 2.0)

– Bry dykk om ungdommen

Sjølv om det fyrste året som rådsleiar har vorte annleis, har Prestegård lært mykje.

– Noko eg har merka er viktig, er at ein må få folk til å prata. Du må få folk til å seia meininga si, og involvera alle. Det er eit stort ansvar. Eg vert ein slags ungdomsordførar, om ein kan kalla det det. Du er den fremste stemma for unge i kommunen. Det krev at du legg ned ein innsats. Leggja inn saker, lesa saker, og møta budd på møte. Ein får igjen det ein legg i det, føler eg.

Prestegård er klar på at ungdommen må verta høyrde, om ein skal ungdomsrådet til å fungera.

– Bry dykk om ungdommen. Viss eit råd ikkje vert høyrde, vil engasjementet verta mindre. Voss har eit heradsstyre og ein ordførar som tilbyr å vera med på møta. Det er viktig, og gjer avstanden mellom ungdomsrådet og beslutningstakarane kortare.

Viktig å skapa ei trygg atmosfære

Ungdomsrådet har også ein koordinator i kommunen, som er bindeleddet mellom ungdomsrådet og heradsstyret. Han heiter Eivind Lorentzen Djønne, og får skryt av rådsleiar Prestegård:

– Han er ein kjernekar!

Djønne sine oppgåver er i hovudsak å føra referat, og å fylgja med på om det er saker i heradet som er aktuelle for ungdomsrådet. I tillegg deltek han på samarbeidsmøte med ulike aktørar, som til dømes Hardanger ungdomsråd.

Koordinator for ungdomsrådet, Eivind Lorentzen Djønne.
Foto: Privat

– Elles prøver eg å ha stort fokus på korleis eg ter meg i møta, at eg ser alle, og at eg og ordførar skaper ei lett og ufarleg stemning for alle, skriv han i ein e-post til Framtida.no.

I tillegg til prosjektet om ein møteplass for motorinteressert ungdom, nemner Djønne arbeid med responstida til ambulansen i distrikta, kunstgrasbane i Granvin og arbeid mot «monstermastene» som saker dei jobbar med.

Arbeidet hans opplevast særs meiningsfylt.

– Å ha eit ungdomsråd er viktig for å visa ungdommen at stemma deira faktisk betyr noko. Det er fyrste gong i historien, trur eg, at ungdom har så stor innverknad på politiske prosessar og på lokalsamfunnet sitt.

– Det er faktisk noko som står om liv og død. Det er ikkje berre eldre som kan skada seg. Det gjeld oss òg, eller det kan vera besteforeldra våre, seier Marte Kristoffersen (16) frå Granvin ungdomsråd (andre frå høgre), saman med (frå venstre) Tiril Eiken frå Jondal, Bjørk Thorbjørnsen frå Ulvik, Oda Medhus frå Eidfjord og resten av Hardanger Ungdomsråd er ho på Stortinget for å løfta saka.

Korona har skapa startvanskar

Samstundes er det ting som må betrast, i 2021.

– Opplæring av rådsmedlem har me diverre ikkje fått kome godt nok i gang med. Eg og ordføraren har hatt ei enkel opplæring i år, men opplæringa vert nok kontinuerleg.
Heldigvis skal eg vera linken mellom ungdommane og tenestevegen i heradet, slik at deira viktigaste oppgåve ikkje er å forstå korleis heradet heng saman, men å seia kva dei meiner.

Djønne påpeikar at KS UNG utarbeider eit eige opplæringsprosjekt til ungdomsråd, og denne håpar han kjem i starten av 2021.

Koordinatoren kjem frå Granvin, som nyleg vart ein del av Voss herad. Han har erfaring frå arbeid med ungdomsrådet i gamle Granvin herad, og meiner overgangen til eit større, samla råd har vore enkel.

– Til 2020 slo me saman alle ungdomsskulane og vidaregåande skulane til eit råd, slik at det nye Voss ungdomsråd består av ungdomsskulane i Granvin, på Voss og på Vossestrand. I tillegg til Voss gymnas og Voss VGS. Dette har ført til at rådet er litt større, med totalt tolv rådsmedlem.

At ungdomsrådet no famnar om eit større område, er ikkje noko problem, meiner Djønne.

– Det er bra at ungdomsrådet har representantar frå utkantane i heradet.


Kollasj laga av framtida.no sett saman av produkt frå lista. Bakgrunnsfoto: Joanna Kosinska /Unsplash