– Situasjonen sånn som den er no i Polen vert skildra med to ord: kvinners helvete, skriv Inger Christin Hystad Barane (15), leiar i Stord SU.
Inger Christin Hystad Barane (15)
Inger Christin Hystad Barane (15)

Kvinnekampen har vore ein av dei største kampane over lengre tid. Likestilling mellom kjønna, moglegheita til å kunne lukkast uavhengig av kjønnet du er fødd i, moglegheita til å ta abort og mykje meir.

Me har kome langt, men ikkje langt nok! Retten til å ta abort er ein kjempeviktig sak som betyr mykje for mange. Det er eit kontroversielt, vanskeleg, hardt og sårbart tema å ta opp. Men det må bli gjort.

No er det i praksis eit totalforbud mot abort i Polen

I Polen har dei igjen gjort det vanskelegare for kvinner å ta abort. Den 22. oktober blei det vedtatt i Polen at abort av foster med alvorlege feil også er forbode. Dei har allereie ei av Europas strengaste abortlover, men no har regjeringa tatt det opp til nye høgder. No er det i praksis eit totalforbud mot abort i Polen, noko som ikkje er greitt.

Sjølv om fosteret har store skadar, allereie er dødt, eller kjem til å døy rett etter fødselen vert mora tvunge til å føde eit barn. Situasjonen sånn som den er no i Polen vert skildra med to ord: kvinners helvete.

Abort burde vere ei moglegheit for alle og vere kvinna sitt eige val. Fleire gongar kan det vere livsfarleg for kvinna å få barnet. Det er mange grunnar for å ta abort, men alt i alt er det ingen andre si sak å blande seg i, enn kvinna sjølv. 

Ulovleg abort er dødsfarleg

Kvart år tar rundt 200.000 polske kvinner abort, enten ulovleg eller ved å reise ut av landet. Ulovleg abort er dødsfarleg. Desse tala viser kor viktig det er med trygg og lovleg abort. Abort er ikkje noko ein vil ta, det er noko ein føler er naudsynt. Ved å ta vekk eller skrenke inn abortlova, set ein kvinners liv og helse i fare. 

Det har vore fleire store demonstrasjonar i Polen og andre land over fleire dagar, der kvinner over heile verda har gått saman og vist solidaritet. No er det på tide at me også gjer det.

Noreg må gi polske kvinner moglegheita til å ta gratis abort i Noreg. Me må, og kan handle no. Dette er ikkje dyrt for Noreg å gjennomføre, og det betyr mykje for alle kvinnene i Polen som sit i det. Dette er ikkje ein sak dei kan eller vil ta åleine, dei treng ei hjelpande hand og den handa bør og skal vere vår! 

På 60-talet hadde ikkje Noreg ei abortlov

På 60-talet hadde ikkje Noreg ei abortlov. Då reiste norske kvinner til andre land, mellom anna Polen for å ta abort.

No er det vår tur til å vise at me bryr oss. Til å vise solidaritet!

2020 er allereie eit vanskeleg og dritt år for mange. Ikkje gjer det vanskelegare enn det det allereie er!

Noreg, ta tak. Ta tak no!


Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no

21. mai i år stilte kring 3000 menneske opp framfor delstatsbygget i St.Paul, Minnesota, for å protestera mot dei nye abortinnstrammingane. Foto: Fibonacci Blue
Oppdatert: laurdag 7. november 2020 09.30

LES OGSÅ

ANNONSE