Representanten Monica Molvær (H) meinte på si side det er viktig med språkleg valfridom i fylkeskommunen. Men forslaget hennar om å gjera administrasjonsspråket i fylkeskommunen språknøytralt blei nedstemt, fortel NRK.
Blant dei som tok til orde for å halda på nynorsken, blei det ifylgje kanalen peikt på at nynorsk er ein viktig del av kulturarven som det er viktig å verna om.
- Har du fått med deg dette? Robot som forstår norske dialektar og skriv nynorsk kjem i 2021
– Nynorskvind over Møre og Romsdal

Både Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag er glade for at nynorskforkjemparane vann fram i saka.
– Nynorsk kultursentrum er svært glade for at fylkeskommunen framleis skal ta eit særleg ansvar for å gjera nynorsk synleg, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i ei pressemelding.
Han peikar at det denne gongen var fleire som var for nynorsk enn under voteringa i 2016.
Også leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, gler seg over nynorskvedtaket i Møre og Romsdal.
– Det bles ein nynorskvind over Møre og Romsdal denne adventstida, seier han i ei pressemelding og viser til at Ålesund kommune sit veke vedtok ein målbruksplan som stadfestar kommunen som nynorskkommune.
- Les også om Sex og Politikk som kjem med sekualundervisning på nynorsk: – Gode føredøme
