Eit fleirtal i Folketinget vedtok torsdag at Danmark ikkje skal starte nye letingeboringar i Nordsjøen, og oljeutvinninga skal avviklast heilt innan 2050.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den såkalla Nordsjøavtalen vart vedteke av eit breitt fleirtal i Folketinget i Danmark, torsdag kveld. Avtalen inneber at landet droppar den åttande konsesjonsrunden, som ville opna for framleis oljeutvinning fram til midten av 2050-talet.

– Det vil gi ein gjenklang rundt i heile verda at me tek denne avgjersla. Det er i tråd med vår avgjerd om å vere fossilfrie i 2050, seier klimaminister Dan Jørgensen (S).

Jørgensen meiner også vedtaket er ansvarleg fordi det skapar tryggleik og klåre vilkår for industrien fram mot 2050.

Det blir sett av 90 millionar danske kroner til mellom anna omskulering av tilsette i oljeindustrien.

Danmark er i dag den største oljeprodusenten i EU, men på 40. plass internasjonalt.

Til samanlikning er Noreg verdas 13. største oljeprodusent, med ein årleg produksjon på over 2 milliardar fat olje, ifølgje Worldometers.

Krev at Noreg følgjer etter

Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

I Noreg jublar klimaorganisasjonane over vedtaket, og krev at den norske regjeringa følgjer etter.

– Danmark føyer seg med dette inn i ei aukande liste over land som har skjønt at oljealderen er over. No må Noreg opna augo for at også vår olje- og gassverksemd må avgrensast dersom me faktisk ynskjer å løyse klimakrisa, seier leiar i Naturvernforbundet Silje Ask Lundberg i ei pressemelding.

Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom trur fleire land vil revurdere om dei kan produsere fossil energi forbi 2050, etter vedtaket i Danmark.

– Fleire land har gjort liknande vedtak dei siste åra, og jo fleire det blir – jo dummare framstår Noreg si oljeleiting i Barentshavet, seier ho i pressemeldinga.

Natur og Ungdom, Greenpeace, Naturvernforbundet og WWF Verdens naturfond trekker fram at også at Frankrike, Costa Rica, Irland og Portugal alt har vedteke stans eller pause i olje- og gassutvinninga si.

– Flautt og umoralsk

Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/NU

Organisasjonane viser også til Production Gap Report 2020 frå FNs miljøprogram, som vart lansert denne veka.

Der kjem det fram at verdas styresmakter framleis ligg an til å produsere dobbelt så mykje fossil energi innan 2030, enn det som er mogleg dersom ein skal nå 1,5 gradarsmålet frå Parisavtala.

– Rapporten viser at Noreg er landet i verda med dei beste forutsetjingane for å redusere vår olje- og gassproduksjon. Me har minst oljeavhengig økonomi, men best kapasitet til å finansiere rettferdig omstilling, seier Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie i pressemeldinga.

– Det er flautt og umoralsk at Noreg ikkje anarkjenner dette ansvaret.

– I dag er me stolte danskar

I den danske søsterorganisasjonen Ungdom NOAH, håpte dei på enno tidlegare sluttdato, men er nøgde med det danske vedtaket.

– Vanlegvis er me minst like kritiske mot den danske regjeringa sin klimainnsats som Natur og Ungdom er mot den norske regjeringa. I dag, derimot, er me stolte danskar som lurer på om nordmenn synest det er godt å vere norsk i skuggen av Danmark, seier Tobias Rosenørn Folden, Bestyreslesmedllem i Ungdom NOAH.

– Noreg har eit større ansvar i dette felleskapet når dei produserer meir enn ti gongar så mykje olje og gass som Danmark, avsluttar han i pressemeldinga.

– Staten risikerer å tape pengar

Frode Pleym, leiar i Greenpeace Norge. Foto: Jonne Sippola / Greenpeace

Både i Danmark og Noreg er debatten prega av kor lønnsam produksjonen er, men Folden lurar på korleis Noreg kan ha tru på at nye investeringer i Barentshavet vil bli lønsamme når «resten av verda skal oppnå netto nullutslepp innan 2050».

Også leiar i Greenpeace Norge, Frode Pleym, meiner det er på tide å gi trygge rammevilkår til industrien og starta omlegginga til morgondagens arbeidsplassar.

Han meiner ein viktig del av denne ramma er å seie nei til nye oljelisensar.

– Nye norske oljelisensar blir delt ut i stadig meir sårbare område, der dei økonomiske marginane krympar og staten risikerer å tape pengar, seier han i pressemeldinga.

Saman med Natur og Ungdom har Greenpeace saksøkt staten for å ha opna for oljeleiting i delar av Barentshavet. Klimasøksmålet, som i november vart handsama i Høgsterett, har enno ikkje fått ein dom i saka.

I Noreg vart ein 25. konsesjonsrunde nyleg utlyst. Her kan oljeselskapa søke om lov til å leitebore i 136 blokker/deler av blokker, fordelt på 11 i Norskehavet og 125 i Barentshavet. Fleire av desse ligg heilt nord mot iskanten og heilt sør mot finnmarkskysten.

Mitzi. Foto: AC Dimatatac