Høgsterett skal no treffe avgjerd i klimasøksmålet. Professor Jørn Øyrehagen Sunde ved Universitetet i Oslo trur det kan verta ei avgjerd verken saksøkjar eller saksøkte er heilt nøgde med.
Lars Ursin
Lars Ursin
DETTE SEIER GRUNNLOVA § 112:

«Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.»

Kjelde: Lovdata

LES FAKTALUKK FAKTA

Saka stod først publisert hjå Energi og klima, og er gjengjeven med velvilje. 

Sunde har følgt forhandlingane i Høgsterett i klimasøksmålet mot staten som starta onsdag 4. november. Vi har spurt han på e-post om argumentasjonen til partane, og kva han trur vert utfallet.

– Etter tingrettsdommen for snart tre år sidan, sa du at dommaren då hadde gjort «det altfor enkelt for seg sjølv», ved å ikkje drøfta fleire av dei mest interessante, prinsipielle spørsmåla. I korte trekk – kva spørsmål er avklart i handsaminga så langt?

– Eit så stort spørsmål som det som er oppe i Klimasaka, er for stort for ein einsleg dommar i Oslo tingrett. I tillegg var saka enno noko uoversiktleg, fordi partane ikkje hadde fått spissa argumentasjonen sin. Resultatet vart at dommaren bare tok skikkeleg tak i spørsmålet om § 112 i Grunnlova gjev borgarane rettar. Difor kan det nyttast til å prøva lov og forvaltningsvedtak på miljø- og klimaretten sitt område. Men let nærast dei andre store spørsmåla ligga.

Er retten til eit godt klima ein menneskerett?

I Borgarting lagmannsrett sat det tre dommarar som fekk ei sak der argumentasjonen var meir spissa, og spørsmåla difor klarare. Resultatet vart ein inngåande dom der nesten alle spørsmål vart handsama. I tillegg til å stadfesta tingretten sin avgjerd om at § 112 er ein regel som gjev rettar, avgjorde lagmannsretten at ein i vurderinga skal rekna inn alle utslepp knytt til norsk olje- og gassproduksjon. Og at desse utsleppa har eit omfang som gjer at dei bidrar til den samla klimaendringa.

Då stod det berre eitt spørsmål igjen: Er retten til eit godt klima ein menneskerett? Spørsmålet vert drøfta i dommen. Men retten konkluderer kort med at saka gjeld økonomiske rettar, og i slike saker må staten ha stort politisk spelerom. Dermed kom ein i den merkelege situasjonen at miljøorganisasjonane vann på nesten alle punkt, men likevel tapte saka.

Gjeld § 112 berre økonomiske rettar?

– Kva håper du å få avklart i Høgsterett?

Jørn Øyrehagen Sundeer professor ved Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo, og forskar ved Baroniet Rosendal og Nasjonalbiblioteket.

– Høgsterett må ta stilling til dei same spørsmåla som Borgarting lagmannsrett. Men det store spørsmålet, som er avgjerande for utfallet av saka, er enno ubehandla. Det er om retten til klima er ein rett som gjeld vårt livsgrunnlag, og ikkje berre økonomiske rettar. Kjem Høgsterett til det, så er det politiske handlingsrommet så lite at dei ti leitekonsesjonane saka dreier seg om, vil verta kjent ugilde.

– Har argumentasjonen til partane endra seg?

– Argumentasjonen i ei sak endrar seg alltid frå instans til instans ved at den vert meir spissa. Høgsterett har difor ei langt lettare oppgåve i 2020 enn det tingretten hadde i 2017. Kort fortalt så står og fell saka på to ulike narrativ.

Saksøkjar har måla eit bilete av ein dramatisk klimasituasjon der ein må ta i bruk dei instrumenta som finst for å hindra ytterlegare skade på naturen. Fordi skaden vil ramma samfunn og individ så hardt.

Saksøkte snakkar derimot om maktfordeling. Og har måla eit bilete av aktivistiske vitskapsfolk og miljøorganisasjonar som prøver å omgå demokratiet og pressa domstolane til å spela ei politisk rolle dei ikkje skal ha i eit demokrati. Alle bevis som er lagt fram, går inn og bidrar til styrken i desse forteljingane.

Dei sterkaste korta

– Kva er det sterkaste kortet til saksøkjar?

– Det er det dramatiske i situasjonen. Klimaendringar er ikkje lenger berre eit trugsmål mot framtidige generasjonar sitt livsgrunnlag. Det er noko som formar natur, samfunn og individ sine levekår akkurat no. Dette er bakgrunnen for avgjerdene i nederlandsk og irsk høgsterett, og i den engelske appelldomstolen. Dette er bakgrunnen for konferansen «Human Rights for the Planet» som Europarådet arrangerte tidleg i oktober. Og det er bakgrunnen for at presidenten i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg nærast har invitert inn klimasaker i domstolen. Saksøkjar inviterer Høgsterett til å delta i den globale dugnaden som skjer no for å stoppa klimaendringane. Det ansvaret kjenner høgsterettsdommarane på.

– Kva med Regjeringsadvokaten?

– Han har eit sterkt kort i handa, som han igjen og igjen spelar ut med få minutts mellomrom: Dersom Høgsterett gjev saksøkjar medhald, tek domstolen på seg ei politisk rolle og opnar for ei rettsutvikling den ikkje kan sjå konsekvensane av. Regjeringsadvokaten meiner at ordlyden i § 112 er vag, at å opna for klimasøksmål basert på § 112 vil ha ukjente konsekvensar, å hevda at Norge har ansvar for klimautslepp som følgjer av vår olje- og gasseksport vil ha ukjente konsekvensar, og så vidare. Saksøkte bed Høgsterett om å overlata alle desse vanskane til politikarane.

– Saksøkte brukar mykje tid på ei tapt sak

– Andre som har kommentert forhandlingane seier at Regjeringsadvokaten har gått «all in» på å argumentera mot at §112 gjev oss som borgarar rettar. Kan du forklare kva det inneber, og kva partane meiner om det?

– Det står fram som ganske uforståeleg at Regjeringsadvokaten brukar så mykje tid på ei tapt sak. For kjeldebelegget for at § 112 er ein grunnlovsregel som gjev rettar til borgarane, er overveldande. Spørsmåla høgsterettsdommarane stilte under rettsforhandlingane på tysdag, indikerer òg at dei har vanskar med å forstå Regjeringsadvokaten sin argumentasjon.

Grunna koronapandemien føregjekk Høgsterett si handsaming av klimasøksmålet digitalt. Foto: Johanna Hanno/Greenpeace

Men denne argumentasjonen må ikkje forståast isolert. Regjeringsadvokaten sin strategi i alle tre instansar har vore å leggja opp saka slik at domstolane kan gje saksøkjar ei siger ved å finna at § 112 gjev rettar, men deretter å snevra inn bruksområdet slik at dei aktuelle leitekonsesjonane ikkje vert råka. Dette lukkast Regjeringsadvokaten fullt ut med i tingretten. I Borgarting lagmannsrett lukkast han i mindre grad.

Lagmannsretten kom til at dei ti konsesjonane ikkje var ugilde, men samstundes at norske bidrag til klimaendringane inkluderer utslepp knytt til norsk olje- og gasseksport. Og at dei i seg sjølv er så store at dei må reknast som bidragsytar til klimaendringane. Dette kan nok Regjeringsadvokaten likevel leva med, så lenge § 112 vert tolka snevert. Det gjorde lagmannsretten på same vis som tingretten. Det er ei slik snever tolking regjeringsadvokaten ønskjer å få i Høgsterett. I så fall kan han leva godt med tap på dei andre punkta, og legg altså delvis opp til det sjølv.

Høgsterett og politikken

– Sist veke spurde Anders Bjartnes: «Tør Høyesterett felle en dom som slår fast at Norge har ansvar for utslippene som oppstår når oljen og gassen vi eksporterer, blir brent?». Kva trur du?

– Det Høgsterett vil vera varsam med, er å gå politikarane i næringa. Og det gjer Høgsterett rett i. Ein domstol skal ikkje driva med politikk. Dei avgjerdene som Høgsterett tek, må domstolen vera sikker på spring ut av rettskjelder, som vil seia kjelder til korleis retten til ei kvar tid skal forståast. Går domstolen utanfor rettskjeldene, driv den med politikk.

Ein domstol skal ikkje driva med politikk

Men Høgsterett må òg vera varsam med å ta avgjerder som ikkje gjer det mogeleg å driva politikk i framtida. Ser vi på avgjerdene frå nederlandsk og irsk høgsterett, og frå appelldomstolen i England, så gjer dei same omsyna seg gjeldande der. For i alle tre tilfella var domstolane nøye på å byggja på rettslege kjelder, og på å koma til ei avgjerd som gav rom for politiske val.

Utenkjeleg med full siger til saksøkjar?

– Så kva kan Høgsterett gjera?

– Eg trur Høgsterett kan koma til ei avgjerd som verken saksøkjar eller saksøkte er heilt nøgde med. Høgsterett vil slå fast at § 112 gjev rettar. Så kjem domstolen til å bruka mykje tid på kva slags rettar det er snakk om, for å gje klare signal om kva slags klimasaker domstolane kan og bør handsama i framtida, og kva aspekt ved klimaspørsmålet som heilt skal overlatast til politikken.

Dette vil saksøkjar vera svært nøgd med, men ikkje saksøkte. For sjølv om Regjeringsadvokaten nok innser at det er ei tapt sak å hevda at § 112 ikkje gjev rettar, kan Høgsterett kome til å gje § 112 eit breiare nedslagsfelt enn det Regjeringsadvokaten ønskjer.

Men så kan Høgsterett koma til å nytta § 112 til å setja til sides dei ti petroleumsleitingsløyva i Barentshavet. Det vil vera ein stor siger for saksøkjar, og eit stort tap for saksøkte. Men på dette punktet kjem dommen til å vera svært snever, og ein større siger er det urealistisk at saksøkjar kan vinna.

Det er utenkjeleg at Høgsterett skal formulera seg slik at all norsk petroleumsverksemd skal koma i strid med § 112. Då vil Høgsterett låsa politikken på ein måte som den ikkje har legitimitet til i eit demokrati. Det er òg utenkjeleg at Høgsterett skal formulera seg slik at all framtidig leiting etter petroleum er utelukka. Igjen fordi det vil vera å låsa politikken meir enn domstolen har legitimitet til. Dette vil ikkje saksøkjar vera nøgd med, men det vil derimot saksøkte.

Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no
Oppdatert: måndag 16. november 2020 13.27
ANNONSE