Rapport: 2020 blir eitt av dei tre varmaste åra

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FN-organisasjonen la onsdag fram ein ny rapport om stoda for klimaet på kloden.

Petteri Taalas, generalsekretær for Verdas meteorologiske organisasjon. Foto: ITU/Wikipedia

– 2020 har dessverre vore endå eit ekstraordinært år for klimaet vårt, sa WMO-sjef Petteri Taalas.

Målet med Parisavtalen frå 2015 er å halde den globale oppvarminga på godt under 2 grader over det førindustrielle nivået, og helst under 1,5 grad.

– Gjennomsnittstemperaturen for 2020 ligg an til å bli om lag 1,2 grader over det førindustrielle nivået, sa Taalas.

Ny europeisk rekord i 2020?

Organisasjonen meiner det er mogleg at den globale gjennomsnittstemperaturen i år vil bli høgare enn i 2016 – det varmaste året som så langt er registrert.

Truleg blir det også sett ny europeisk rekord.

Det vart sett nye temperaturrekordar rundt om i verda. I Russland var gjennomsnittstemperaturen frå januar til august 3,7 grader over snittet – 1,5 grad meir enn den førre rekorden, som vart sett i 2007.

I Verkhojansk i Sibir var temperaturen 20. juni 38 grader – provisorisk er det den høgaste temperaturen målt nord for polarsirkelen.

Cuba hadde den varmaste dagen nokosinne 12. april, med 39,7 grader, den taiwanske byen Taipei 24. juli, med 39,7 grader, og Jerusalem 4. september, med 42,7 grader.

Den japanske temperaturrekorden på 41,1 grader vart tangert 17. august i byen Hamamatsu.

Meir enn 80 prosent av havet i verda hadde minst éi hetebølgje i 2020, og pol-isen rundt Arktis fall til eit rekordlågt nivå mellom juli og oktober, ifølgje FN-organisasjonen.

Mitzi Jonelle Tan er ein av dei fleire hundre unge klimaaktivistane som arrangerer eit eige klimatoppmøte, når FN utsette sitt. Foto: AC Dimatatac