Singapore vert første landet i verda som tillet sal av labdyrka kjøt

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mattilsynet i Singapore har for første gong gjeve grønt lys til kjøt dyrka fram i eit laboratorium.

No kan dei labdyrka kyllingnuggetsane verte selde i restaurantar i landet.

Det melder The Guardian.

– Ein milepåle

Ein rapport frå 2019 spådde at dagens kjøtindustri ville verte utkonkurrert innan 2040, og peika på at dyrka kjøt og plantebaserte alternativ ville ta over marknaden.

Medan plantebaserte alternativ som Beyond Meat og Impossible Foods finst i butikkane, er det først no eit labdyrka alternativ dukke opp på restaurantmenyane.

– Eg trur godkjenninga er ein av dei viktigaste milepålane i matindustrien i ei handfull av tiår, seier Josh Tetrick ifølgje The Guardian.

Han er leiar i det amerikanske selskapet Eat Just, som står bak dei godkjende kyllingnuggetsane. Kyllingbitane er produserte utan at eit einaste dyr har vorte slakta. Kjøtet vert heller dyrka fram i eit laboratorium, frå celler som er henta i biopsiar frå levande dyr.

Tetrick medgjev at det framleis gjenstår ei rekkje utfordringar for labdyrka kjøt, og peikar på korleis folk kjem til å reagere på produktet som den største.

Han meiner likevel Singapore-godkjenninga opnar ei dør for labdyrka kjøt, og at fleire land snart vil følgje etter:

– Håpet mitt er at dette leier til ei verd, i løpet av dei neste åra, der majoriteten av kjøt ikkje krev at eit einaste dyr vert drepe eller eit einaste tre rive ned, seier Tetrick ifølgje The Guardian.

Les også reportasjen frå Vollebekk skole, der 9. klassingane fekk smake på larvar i maten: – Eg trudde eg skulle spy, så eg var førebudd på at eg skulle ha ei bytte ved sidan av meg når eg skulle ete, seier Gaute (14).