Ny rapport: Fleksitarianar-kosthald er nøkkelen til klimakutt

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utan vesentleg redusert kjøtforbruk vil dei samla norske klimagassutsleppa knytt til forbruk av matvarer ligge ganske flatt dei neste ti åra.

Det er ein av dei viktigaste konklusjonane i ein ny rapport som er gjeven ut av Norsk klimastiftelse i samarbeid med GC Rieber Fondene. Befolkingsveksten vil nemleg ete opp effekten av moderate endringar i forbruket.

Ei flat utvikling er ikkje godt nok. Etter statsbudsjettet vart lagt fram, sa klimaforskar Carlo Aall til Framtida.no at Noreg ikkje kjem til å nå klimamålsetjingane for verken 2020 eller 2030 utan forbruksendring:

– Utan å tore å gjere noko for å ta ned forbruket innan biff, bil, bustad og Boeing, så går dette altså ikkje i tide.

Tre ulike kutt-scenario

Den nye rapporten har teke føre seg tre ulike framtidsscenario som alle innheld redusert kjøtforbruk, i varierande grad, og granska korleis dette påverkar norske klimagassutslepp.

I dag et ein gjennomsnittleg nordmann 545 gram ferdig førebudd raudt kjøt i veka.

Det første scenarioet, Kosthaldsråda, tek utgangpunkt i anbefalingar frå helsemyndigheitene, og at dette forbruket vert nedjustert til 500 gram.

Det andre scenarioet, Kjøtfri måndag, reduserer kjøtforbruket ytterlegare, ned til 400 gram per veke.

I det siste scenarioet, Fleksitarianar, vert forbruket redusert med 50 prosent innan 2030 og 70 prosent innan 2050.

Store kutt i kjøtforbruk gjev størst klimagevinst

Rapporten konkluderer med at dei to første scenarioa  Kosthaldsråda og Kjøtfri måndag ikkje vil føre til tilstrekkelege utsleppskutt.

Ved moderate kutt vil vinninga gå opp i spinninga, som følgje av at befolkninga i Noreg er venta å auke.

Det mest radikale scenarioet, Fleksitarianar, vil derimot gje ein betydeleg klimagevinst. Om ein ikkje reknar med utsleppa knytt til dyrka myr, vil ein nær halvere klimagassavtrykket knytt til matvareforbruk. Og det utan å måtte fullstendig slutte å ete kjøt og mjølk.

Rapporten legg til grunn at redusert kjøtforbruk fører til redusert husdyrtal, og ein overgang frå reine kjøtfe til kombikua (dyr som produserer både mjølk og kjøt).

Sjå videoen som presenterer rapporten til Norsk klimastiftelse her: 

Positive ringverknader

Av andre positive følgjer, trekker rapporten fram at eit redusert kjøtforbruk også vil gjere at arealbehovet og forbruket av gjødsel går kraftig ned. Sameleis med forbruket av soya.

Samstundes vil det gjeve ein helsegevinst med at fleire får friske leveår, dersom ein erstattar kjøt med grove kornprodukt, frukt og grønsaker, bønner og linser:

– Men det gjev ingen gevinst om folk byter ut kjøtet med loff, seier Liv Elin Torheim, professor ved Oslomet og nestleiar i Nasjonalt råd for ernæring i rapporten.

Ein rapport frå Nasjonalt råd for ernæring konkluderer også med at mange bør redusere kjøtinntaket, men at det framleis bør både produserast og konsumerast kjøt i Noreg.

Ikkje berre positivt å kutte kjøt

Å leggje om både forbruket og produksjonen er likevel ikkje utelukkande positivt.

Rapporten understrekar også at å redusere talet drøvtyggjarar i landet vil føre til andre utfordringar og nye problemstillingar.

Færre drøvtyggjarar vil føre til mindre metanutslepp, men det vil også gjere det krevjande å utnytte grovfôrressursar og utmarksbeite. Drøvtyggjarane er nemleg dei som utnyttar den norske jorda som ikkje er eigna til å dyrke korn og andre matvekstar.

Redusert kjøtforbruk vil også vere ein trugsel for delar av landbruket. Samstundes representerer auka forbruk av korn, frukt og grønsaker vil nye marknadsmogelegheiter.

John Lynes (91) har blitt arrestert fleire gonger. Her under klimademonstrasjon med Extinction rebellion i England. Foto: Skjermdump/Matthew Thompson på Twitter