Denne «biffen» er 3D-printa – og av plantar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

3D-printing kan brukast til så mangt – ein kan lage handprotesar, kroppsrealistiske utstillingsdokker, eller ekstradelar, som dei gjer på Den internasjonale romstasjonen.

No har eit spansk firma også nytta teknologien til å lage «biff». 

Det skriv fleire internasjonale aviser, mellom andre BBC og The Guardian.

– Den heilage gral

Den Barcelona-baserte bedrifta Nova Meat vart grunnlagt i 2018, og har som mål å leie an i ein ny generasjon av plantebaserte kjøtprodukt.

Guiseppe Scionti er grunnleggjaren av Nova Meat. Foto: Skjermdump frå YouTube

Ved hjelp av 3D-printing lagar bedrifta plantebasert «biff» av erter, ris, tang og andre ingrediensar. 

– Eg starta med biff, trur eg, fordi det er den heilage gralen av plante-basert kjøt, seier Guiseppe Scionti til The Guardian

– Det er det vanskelegaste.

Scionti er grunnleggjaren av Nova Meat, og har tidlegare arbeidd som forskar og universitetslektor hjå det Polytekniske universitetet i Catalonia, der han dreiv med vevsbygging.

Då han klarte byggje vev som likna dyrevev vart han inspirert:

– Kvifor kan eg ikkje bruke denne teknologien i gastronomi, slik at eg kan lage ei kjøterstatning? seier Scionti i ein informasjonvideo frå Nova Meat

Realistisk kjøtimitasjon

3D-printinga gjer det mogeleg å leggje dei ulike plantefibera i «biffen» på kryss og tvers, og såleis imitere muskelvev frå kjøtbiff.

Guiseppe Scionti fortel BBC at denne strategien gjer det mogeleg å etterlikne konsistensen og tyggemotstanden, samt smaken og ernæringsverdien frå ulike typar kjøt og sjømat. 

Nova Meat seier til The Guardian at plante-«biffen» vere tilgjengeleg i spanske og italienske restaurantar i år, før produksjonen vert oppskalert i 2021. 

Ein ny rapport spår at konvensjonelt kjøtt kjem til å utgjere ein stadig mindre del av marknaden. Foto: Pixabay.com