Bokmelding: Tollak til Ingeborg – Eit glimrande portrett av ein antihelt

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tore Renberg (f.1972) gjer det igjen. Og det overraskar meg ikkje. 25 år etter debuten, klarer han på gong på gong å skildre stemningar som gjer at ein både blir varm om hjartet og det vrir seg i magen på ein og same tid. Det er ei god oppsummering av den nye romanen hans: Tollak til Ingeborg.

Enkel og kompleks

Tollak er ein arbeidshest og ein stabukk. I tillegg til det har han store krefter i seg. Han kan både ha elskov og det djupaste sinnet i seg på ein og same tida. Og det var dei kreftene som tok kona Ingeborg frå han: «Eg elska henne så høgt som nokon mann har elska ei kvinne, og eg forbannar helveteskreftene som tok henne ifrå meg.»  

Handlinga er enkel, men likevel kompleks. Med eit poetisk språk prega av velvalte ord leverer Renberg som i fleire av dei tidlegare romanane hans eit glimrande portrett av ein mann som skil seg ut frå mengda: «Eg er Tollak til Ingeborg. Eg høyrer fortida til. Eg har ingen planar om å finne min plass nokon annan stad.»

Fleirdimensjonale menneske

Portrettet av Tollak er ein godt døme på at menneske ikkje nødvendigvis er så eindimensjonale som ein av og til kan få inntrykk av. I tillegg til det viser det at godt og vondt ikkje må vera motsetnadar av kvarandre: at ein kan elske og samstundes gjere dei gruvsamaste handlingar på ein og same tid. For Tollak elska verkeleg kona si og han elska son sin Oddo, ein gut dei tok til seg som liten som andre hadde vondt for å elske.

Når Tollak no står for døden er det fleire skjelett frå morkne skåp han må dra fram for ungane sine Hillevi og Jan Vidar. For sanninga om mor deira og Oddo må fram i dagslyset sjølv om den kan gjere sår som allereie er store enda større og rive relasjonar som allereie heng i ei tynn snor i fillebitar. Før han døyr vil han at dei gjerne skal forstå han: «Eg er ikkje nokon drapsmann. Eg er ein kjærleikens mann.»

Moden forteljarkunst

Med ei handling som er så forstyrrande at ein sit igjen som eit spørjeteikn etter at ein har svelgt boka i eit sluk er dette ei bok som osar av moden forteljarkunst. Av den sjeldne sorten er dette ein roman ein blir dregen inn i både handlinga og stemningane som blir skildra.

Tollak til Ingeborg glir rett inn i Renberg si rekkje av moderne klassikarar og er absolutt ein av hausten sine høgdepunkt!

Tollak til Ingeborg

Forfattar: Tore Renberg

Utgitt: 2020

Sjanger: Roman

Forlag: Cappelen Damm