Eva (14) sine fantasy-favorittar

Framtida
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nokre av bøkene er barne/ungdomsbøker, men eg meiner at alle desse bøkene kan nytast av vaksne også.

The Maze Runner

Thomas vaknar i ein metallheis som tar han til ein plass kalla The Glade. Han har mista minna sine, og det einaste han hugsar er namnet sitt. I The Glade er det berre gutar. Dei har alle kome via heisen med ein månads mellomrom, og ingen hugsar noko frå før dei kom dit. Det einaste dei veit er at vegen ut derifrå går gjennom ein endelaus, stadig skiftande labyrint med forferdelege monster.

Etter at Thomas har kome til The Glade, byrjar underlege ting å skje. Dagen etter at Thomas er kome, kjem det ei jente. Ikkje berre det, men ho har ein lapp på seg der det står: «Ho er den siste. Nokosinne.» Deretter fell ho i koma. Gutane har alltid tenkt at dei skal klare å finne vegen ut, men no verkar det som at dei har dårleg tid. Thomas veit ingenting, men han føler at han har svaret og kan hjelpe dei.

The Maze Runner: I dødens labyrint er den første boka i ein serie på seks bøker. Boka er skriven av James Dashner, og vann ti prisar då den kom ut i 2014.

The Hunger Games

USA finst ikkje meir. I restane av det som ein gong var Nord-Amerika, ligg nasjonen Panem. Dette er eit mediestyrt diktatur som vert styrt frå hovudstaden The Capitol. Rundt ligg det tolv distrikt der innbyggjarane svelt og slit. The Capitol styrer dei brutalt, og held orden på dei. Dette gjer dei blant anna ved å få distrikta til å sende ei jente og ein gut mellom 12 til 18 år, for å kjempe i dødsleikane. Som namnet tilseier er dette ein kamp for livet, og den siste overlevande vinn. Men kva skjer når nokon byrjar å trasse The Capitol?

The Hunger Games er den første av tre bøker som er skrivne av Suzanne Collins. Boka har vunne 25 prisar, blant anna #1 New York Times Bestseller.

Suzanne Collins røpte i 2019 at ho har skrive ei ny bok i Hunger Games-universet, som går føre seg 64 år før trilogien. Denne boka vert sleppt 19. mai 2020.

Percy Jackson: Lyntyven

Percy Jackson har ADHD, dysleksi, og har vorte utvist frå sju ulike skular på sju år. Men dette er ikkje hans største problem. Det viser seg nemleg at han er halvblods – halvt menneske og halvt gresk gud. Percy vert sendt til Halvblodsleiren, og ting vert ikkje betre når han ertar på seg nokre av gudane.

Eit av Zevs sine våpen har vorte stole, og Percy er hovudmistenkt. Saman med Annabeth og Grover legg dei ut på ei reise for å finne våpenet, og for å redde mor til Percy som er fanga i underlandet.

Percy Jackson: Lyntyven er den første boka i ein serie på fem bøker. Den er skriven av Rick Riordan, og boka vann 16 prisar då den kom ut i 2005.

Skammarens dotter

Dina har arva den eigenskapen frå mora som gjer at alle må frykte henne: Berre med blikket kan ho få folk til å tilstå kriminelle handlingar. Når Skammaren blir kalla til Dunark-borga der vonde fyrst Drakan herskar, må Dina kome mora til unnsetning. Heller enn å spele helt, ønskjer Dina å få vere heilt vanleg slik som den eldre broren hennar Davin, men det går ikkje når ein er Skammarens dotter og har fått auge ingen vanlege menneske tør å sjå inn i.

Skammarens dotter er den første boka i ein serie på fire. Den er skriven av danske Lena Kaaberbøl. Øystein Rosse omsette boka til nynorsk, og vann omsettarprisen i 2003.

Eragon

Då Eragon finn ein blå, skinnande stein, tenkjer han at han er heldig. Kanskje han kan selje steinen for å få pengar til å overleve vinteren? Men det viser seg at steinen er eit drakeegg, og Eragon hamnar midt i ein kamp mellom krefter som er eldre enn Riket sjølv.

Frå den eine dagen til den neste vert det enkle livet hans rive i fillebitar, og han vert kasta inn i ei farefull verd styrt av skjebnekrefter, trolldom og makt.

Eragon er den første boka i ein serie på fire, og er skriven av Cristopher Paolini. Då den kom ut i 2002, vann den fem prisar.

Halvgudene

Då faren til Dina, Balder og Thea fortel at ingen av dei, heller ikkje han sjølv, er frå denne verda, vert den einsformige kvardagen til trillingane snudd på hovudet. Dei vert kasta hovudstups inn i ei framand og farleg verd der ingenting er slik det verkar, ikkje ein gong trillingane sjølv.

Her er det andre reglar enn dei reglane trillingane kjenner frå før, og dei må lære fort. For nokon er etter dei. Nokon som veit at det er noko spesielt ved trillingane, noko øyriket Tiladnen ikkje har sett maken til på fleire hundre år.

Halvgudane er den første boka i ein serie på tre. Den er skriven av Mari Moen Holsve. I tillegg til strålande kritikkar har boka blitt nominert til Uprisen for Rasp, og vunne Arks barnebokpris. Boka har òg vorte seld til Brasil.

Kattekrigerne: Tilbake til villmarken

I generasjonar har fire klanar med villkattar styrt skogen i samsvar med eldgamle lover, laga av deira forfedrar. Men gamle kodar er trua. Tordenklanen er i fare, og den vonde skyggeklanen veks seg mektigare for kvar dag. Edle krigarar døyr, nokre av dei under merkelege omstende. Midt i dette kaoset dukkar den vanlege huskatten, Rødpus opp. Vil han overleve villmarka?

Kattekrigerne: Tilbake til villmarken er den første boka i ein serie på over tretti bøker. Bøkene er delt i “seriar”, som er litt som sesongar. I ein serie er det seks bøker.

Serien er skriven av Victoria Holmes og Kate Cary, men serien står under pseudonymet Erin Hunter. Akkurat no jobbar forfattarane med den tredje boka i sesong sju.

Den siste magiker

Ein uskyldig rampestrek skal verte vendepunktet i livet til Simen Clausen. Den gamle mannen dei knuste ruta til, viser seg å vere ein ekte magikar. Han er også den siste gjenlevande magikaren i heile verda, men no er hans tid snart forbi. Magikaren treng ein etterfølgjar, og valet fell på Simen.

Tida som læregut vert meir slitsam, morosam, utruleg, frustrerande og fantastisk enn Simon nokon gong kunne drøyme om. Men rekk han å lære alt før det er for seint?

Den siste magiker er den første boka i ein serie på tre bøker, og den er skriven av Sigbjørn Mostue.

Er du meir glad i tv-seriar enn bøker? Her er åtte kule tenåringsseriar på Netflix:

The End of the Fucking World, Derry Girls, Sex Education og I Am Not Okay With This er eit knippe kule ungdomsseriar på Netflix. Foto: Netflix