Torsdag 6.oktober las Jon Fosse høgt frå den nye omsetjinga av Forvandlinga. Sjå video her:

mm
Faktaboks

Franz Kafka var ein tyskspråkleg forfattar. Det mest kjende verket hans er romanen Der Process (Prosessen). Romanen skildrar ein person som er utsett for uklåre skuldingar av eit ugjennomtrengeleg rettssystem. Av dette kjem nemninga Kafka-prosess.

Kafka vart fødd i 1883 i ein tyskspråkleg jødisk familie i Praha. Han tok eksamen i jus i 1906, og arbeidde deretter for eit forsikringsselskap. Samstundes skreiv han på fritida. I 1917 vart han ramma av tuberkulose.

Kafka sitt tilhøve til den dominerande far sin var eit viktig tema i arbeida. I 1923 flytta han til Berlin i von om å koma vekk frå familien sin påverknad, og konsentrera seg om å skriva. Sjukdommen vart likevel verre, og han reiste attende til Praha. Han døydde 3. juni 1924.

Kafka publiserte berre nokre få korte historier medan han levde, som berre utgjorde ein liten del av arbeidet. Han fekk difor ikkje stor merksemd i si levetid. Før han døydde, bad han venen og forleggjaren Max Brod og hans elskarinne Dora Dymant om å øydeleggja alle manuskripta hans. Dymant øydela lojalt dei manuskripta ho hadde, men Brod fylgde ikkje Kafka sine instruksar, og valde i staden å publisera dei.

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om verdsklassikarar i nynorsk omsetjing. Les fleire artiklar i serien her!
Artikkelserien er støtta av Norsk Kulturfond.

LES FAKTALUKK FAKTA

Jon Fosse såg verda på ein annan måte etter å ha lese Kafka første gongen. Torsdag 6.oktober las han høgt frå Forvandlinga av Kafka. Opplesinga vart sendt LIVE på Facebook.

Video frå Grotten i Oslo:

Opplesinga heldt fram frå Stord vgs, der elevar frå fire klassar var med på opplesinga:

Noregs Mållag fullførte lesinga frå Jostedalen i Sogn:

Den verdskjende dramatikaren Jon Fosse har for fyrste gong omsett Franz Kafka sin klassikar Forvandlinga og andre forteljingar til nynorsk. Boka kjem ut på forlaget SKALD.

Det er svært sjeldan at Jon Fosse les offentleg, og det er mange år sidan han har gjort det i ei direktesending. Jon Fosse fortalde til Framtida.no i går om første gongen han las Franz Kafka som ungdom.

Gudfar for serien
Det er ikkje tilfeldig at Jon Fosse står bak den første utgivinga. Nasjonaldiktaren kan godt kallast gudfaren for serien, han har i over 30 år hatt som hjartesak å lage ein serie med det beste frå verdslitteraturen på nynorsk. Fosse er også nøgd med at det er eit lite forlag som SKALD midt i Nynorsklandet som har gitt liv til denne serien.


– Dette er målreisingsarbeid av beste slag, seier Fosse entusiastisk.

LES OGSÅ: Då Jon Fosse las Kafka som ung, endra det synet hans på verda

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

Kommentarar

ANNONSE