Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Få ting er farligere enn en mann som er absolutt overbevist om at han taler på Guds vegne. Få mennesker er farligere enn de som lar sine egne feberdrømmer bli veikart for alle andre.»

Dette sitatet er henta frå Du, den første romanen til Håvard J. Nilsen.

Du handlar om Sigurd som har vore pinseven, han har levd eit liv prega av eit forskrudd bilete av verda. Han har tenkt at bøker som ikkje er oppbyggelege, musikk som ikkje handlar om Jesus, alt det var synd. Alle andre levde i synd.

Brotet med kristendommen vert ikkje lett

No ønskjer Sigurd å bryte med kristendomen og flyttar frå Mosjøen til Trondheim for å studere. Brotet med kristendommen vert ikkje lett, for sjølv om Sigurd gjev slepp på Gud og ikkje ønskjer å ha han i livet, opplever Sigurd at Gud ikkje gjev slepp på han, at Gud tviheld på han, at Gud er eit arr som han ikkje vert kvitt.

Sigurd føler at han kjempar ein kamp mot Gud for å verte kvitt han. Gud er ikkje god lenger, men vondskapsfull. Sigurd les forteljingane i Bibelen med eit anna blikk, historia om Noah er ikke lenger ei historie om håp, men ei historie om tusen av barn som får lungene fylt med vatn og druknar.

Sigurd må finne nye lidenskaper å fylle tomrommet av Jesus med. Han les forfattarskapet til Jens Bjørneboe. Oppdagar musikken til Pink Floyd. Han fordjupar seg i det, vert besett. For Sigurd vert Bjørneboe og Pink Floyd nye religionar, noko han rusar seg på, det forstår ikkje han, men det gjer Mariell, jenta som Sigurd deler hybel med. Medan Sigurd ønskjer å kome seg vekk frå Gud og gløyme fortida si, grav Mariell i det og ønskjer å forstå Sigurd og bakgrunnen hans. Mariell spør Sigurd kva det er å tru, og Sigurd svarar: «Å tro er å kontinuerlig ville slutte å tro, men ikke klare det, fordi du har sett noe.»

«Du» problematiserer fleire sider ved religion og ser på farane med religiøs fanatisme. Er ungdom særleg utsett for å gå seg vill i religionen?

Vakkert og undrande

Håvard J. Nilsen har tidlegare gjeve ut ei diktsamling, og hans bakgrunn som poet skinn igjennom boka. Språket er vakkert og undrande, og symbolbruken tung. Boka er skrive i eg-form frå synsvinkelen til Sigurd, men vender seg ofte til andre personar, for eksempel Gud. Det er ein intens og personleg stil. Boka kviler på Sigurd si sinnsstemning til, og me følgjer tankane hans tett. Følelsane er råe og sterke, og det er umogleg å ikkje verte gripen av desperasjonen og forvirringa til Sigurd.

Du problematiserer fleire sider ved religion og ser på farane med religiøs fanatisme. Er ungdom særleg utsett for å gå seg vill i religionen? Bør ungdom skjermast for religiøs forkynning?

Du er både ein viktig og god bok, eg anbefaler alle å lese den.

LES OGSÅ: I bokhylla: Håvard J. Nilsen bestiller Sean Penn som hovudrolle om boka hans vert film

Forfattar Håvard J. Nilsen. Foto: Heidi Furre/Presse

Bokmelding

  • Tittel: Du
  • Forfattar: Håvard J. Nilsen
  • Forlag: Flamme Forlag
  • Utgitt: 2020