Ungdom føler smitteverntiltaka tek mest omsyn til vaksne

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange tenåringar synest det er mest fokus på korleis vaksne kan ha det best mogleg og framleis gå ut og drikke og ha det gøy. Sjølv må dei vere mindre saman med venner og ikkje ha festar. Det kjennest urettferdig, seier Kristin Oudmayer, direktør for barn sine rettar og berekraft i Unicef.

Unicef er i gang med ei digital undersøking blant unge i alderen 13 til 20 år som skal gå til byrjing av desember. Førebels har drygt 300 svar komne inn.

Betalar ein høgare pris

– Dei unge opplever situasjonen som krevjande og føler at dei betaler ein mykje høgare pris enn det vaksne gjer. Det skjer utan at dei får råd og rettleiing om korleis dei skal leve liva sine, og det er dei oppgitte over.

Halvparten av ungdommane i undersøkinga meiner det ikkje er tatt nok omsyn til dei når tiltaka er laga. Undersøkinga viser at 55 prosent har hatt mindre kontakt med venner, og 80 prosent opplevde at fritidsaktiviteten blei stengt ned då Noreg blei lukka.

Oudmayer meiner dei unge må takast meir med på råd når det skal setjast i verk smitteverntiltak.

Helsedirektøren: – Skal ikkje ramme meir enn nøvendig

Smittevernmyndigheitene synest ikkje dei unge blir oversett.

– Vi er veldig tydelege i rettleiarar og retningslinjer om at tiltak som rammar barn og unge alltid skal vere forholdsmessige og ikkje ramme meir enn nødvendig, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Unicef-granskinga skal munne ut i ein rapport som statsminister Erna Solberg skal få.

Caroline Clausen. Foto: Privat