Lykkemålar slår fast: 2020 er det tristaste året på lang tid

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 15.12.2020 12:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 2008 har amerikanske forskarar målt lykkenivået i USA ut frå Twitter-meldingar.

Konklusjonen så langt: 2020 er det tristaste året dei siste tolv åra.

Det syner lykkemålaren Hedonometer, som òg er omtalt i podkasten Reply All.

50 millionar meldingar – kvar dag

Dei siste tolv åra har forskarane Chris Danforth og Peter Dodds, begge matematikarar og informatikarar, freista måle lykkenivået i den amerikanske befolkninga.

Det gjer det ved hjelp av Twitter – der folk deler tankane sine på løpande band. Sidan 2008 har forskarane fått tilgang på 10 prosent av alle Twitter-meldingane som vert lagde ut. I 2020 er det kring 50 millionar meldingar kvar einaste dag.

Ut frå Twitter-meldingane målar lykkemålaren pulsen på den engelskspråkelege befolkninga: Kor lykkelege er dei i dag?

Ulykkelege koronaord

10 000 ord har fått sin eigen «lykkepoengsum», på ein skala frå 1 (ulykkeleg) til 10 (lykkeleg), og for å finkalibrere analyserer også hedonometeret ei rekkje tekstar der humøret er tydeleg – som Dostojevskij sitt deperimerande storverk Forbrytelse og straff.

På lykketoppen ragar ord som laughterlove og happiness og på botn er ord som suicide og terrorist.

Sidan språket alltid er i utvikling vert ord kontinuerleg lagt til og fjerna, noko som òg er tydeleg av nykomarane på årets ulykkelege toppliste: coronavirus, ventilator og quarantine.

Stadig nye ulykkelege botnnoteringar

Sidan 2015 har lykkemålaren peika nedover – folk vert stadig meir ulykkelege på Twitter.

Før årsskifte var botnpunktet på hedonometeret frå 2017, då det var ei grufull masseskyting i Las Vegas 1. oktober. Heile 58 personar vart drepne og 700 såra, i det som var den mest dødelege masseskytinga utført av ein person åleine, i moderne amerikansk historie.

Så starta 2020, og nye botnrekordar vart sette gong på gong.

Første ny botnrekord kjem 12. mars, då verda på alvor startar å fatte omfanget av koronapandemien.

Rekorden stod ikkje meir enn dryge to månadar, for 25. mai markerer ein ny botn. Då dukkar videoen av at ei kvit dame trugar med å ringe inn ei falsk valdsanklage mot ein afroamerikansk fuglekikar på nett. Det er også dagen då George Floyd døyr.

Men Twitter-brukarane har aldri vore så ulykkelege som 31. mai.

Då har Black Lives Matter-demonstrasjonane i kjølvatnet av drapet på George Floyd byrja, og orda som florerer på Twitter er: terrorist, protest, violence og racist.

– Dette er ei traumatisert befolkning, seier Peter Dodds i podkasten.

Bilee frå ein Black Livest Matter-demonstrasjon i New York, søndag 14. juni 2020. Foto: AP Photo/Kathy Willens

Vanlegvis plar lykkenivået stige til normalnivået etter ein dag eller to, ifølgje Reply All, men med dei pågåande protestane mot politibrutalitet er amerikanarane uvanleg ulykkelege i ein heil månad.

– Der var ein heil månad – og dette ser vi aldri – der var ein heil månad med dagar, som hedonometeret las som tristare enn Boston maraton-dagen, seier Chris Danfort til New York Times, og viser til bombeåtaket i Boston i 2013.

– Det var verkeleg merkverdig at instrumentet, for første gong, viste dette vedvarande, deprimerte humøret, og så vart det endå verre, då protestane starta, held Danfort fram til avisa.

Inga glede så stor som julegleda

Men det er ikkje berre elende, det er òg nokre lyspunkt.

Dei siste tolv åra har Twitter-brukarane lykkeleg samla seg rundt hendingar som då prins William og hertuginne Kate gifta seg, då likekjønna ekteskap vart lovleg i USA, eller om ei Kpop-stjerne har bursdag. Men utslaga er små.

Det er nemleg berre eitt høve som gjer at lykkenivået til dei engelskspråklege Twitter-brukarane stig gjennom taket, år etter år: Første juledag.

Slik ser 2020 så langt ut på hedonometeret: 

Skjermdump Hedonometer.org.


Treng du litt godt nytt? Dette er mennene som har gjeve oss håp i 2020

Kollasj: David Attenborough (Foto: Joel C Ryan/Invision/AP), Herman Flesvig (Foto: Terje Bendiksby / NTB). Marcus Rashford (Foto: (Paul Ellis/Pool via AP).