Ei gruppe thailandske teltarar kan venta seg ein stinkande pakke i posten, med sjølvaste miljøminister Varawut Silpa-archa som avsendar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det heile starta med eit Facebook-innlegg, der ein irritert innbyggar la ut bilete av telta og mengder med bos utanfor og inni – som blir samla opp av ein som jobbar i nasjonalparken Khao Yai, i Thailand.
Forfattaren av innlegget poengterer at det er respektlaust ovanfor andre å etterlata seg slikt bos, men ikkje minst at det går utover dyrelivet i området.
Nasjonalparken strekker seg nesten 2000 kvadratkilometer. Den ligg litt nord for hovudstaden Bangkok, og turistar brukar området til å gå på tur og sjå på fossefall og dyreliv. Det er også den eldste nasjonalparken i landet, og vart etablert i 1962.
Det var The Thaiger som først omtala saka.
Bot på 150.000 kroner

Varawut Silpa-archa, miljøminister i Thailand. Foto: Wikipedia
Styresmaktene såg innlegget og bestemte seg for å gjera litt undersøkingar. Dei greide å spore ned teltarane ved hjelp av informasjonen dei hadde etterlete då dei leigde telta.
Å forsøpla nasjonalparkar er straffbart i Thailand, med ei strafferamme på opp mot fem år i fengsel eller bot på omlag 150.000 kroner.
Likevel bestemte miljøminister Varawut Silpa-archa, seg for å gjera meir enn å berre gi natursvina ei bot.
– Lærdom om å aldri kasta noko igjen
ขยะที่นักท่องเที่ยวทิ้งไว้ในอุทยาน ขณะนี้บรรจุลงกล่อง พร้อมส่งคืนถึงบ้านเจ้าของขยะเรียบร้อยครับ…
Posted by TOP Varawut – ท็อป วราวุธ ศิลปอาชา on Tysdag 15. september 2020
I eit Facebook-innlegg har han delt fotobevis av seg sjølv med pakkane som skal sendast med posten – fulle av bos etterlete av teltarane i parken.
Med pakken ligg det også eit lite kort: «Me har samla boset dykkar i ein boks og sendt det heim til dykk. Dette bør vere ein lærdom til dykk, om å aldri igjen kaste bos nokon plass».
I tillegg til den offentlege uthenginga, skriv han at teltarane også vil bli meld til politiet for forsøpling og alkoholpåvirking, som begge deler er ulovleg i parken – i tillegg til å bli svartelista frå parken.