Unge er ekstra einsame i pandemitida
Kvar fjerde nordmann er einsam, viser ei undersøking av Opinion i oktober. Men for dei under 30 er talet høgare. Her svarer nesten halvparten at dei er einsame.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Talet på personar som føler seg einsame i befolkninga generelt, har auka med 3 prosent sidan september, og 6 prosent sidan juli, viser undersøkinga.
– Opplevinga av einsemd har auka i haust, og er no omtrent på same nivå som dei høgaste målingane i byrjinga av pandemien. Dei yngre slit meir enn før, seier seniorrådgivar i Opinion, Nora Clausen.
Talet på nordmenn som saknar meir kontakt med andre er no på rekordhøgt nivå.
6 av 10 vil ha meir kontakt
Så mykje som seks av ti seier i oktober òg at dei ønskjer meir kontakt med andre menneske. Dette er 9 prosent meir enn i september.
Men også her er talet høgare for dei under 30, der 70 prosent seier at dei saknar kontakt med andre.
– VI saknar kvarandre meir enn nokon gong. Pandemien, tiltak og ei mørkare årstid slit på svært mange, meiner Clausen.