Syriske Shakib (13) utfordra statsministeren på flyktningpolitikk

Då statsminister Erna Solberg (H) kom til Stord vart ho møtt av unge demonstrantar. I spissen stod Shakib (13) og Leen (16) med ein beskjed til statsministeren.

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først publisert hjå Framtida Junior. 

Syskena Leen (16) og Shakib Badr (13) har sjølve kjent på kroppen korleis det er å flykte frå krig og elende.

– Huset vårt vart bomba, så vi måtte reise frå Syria, fortel Leen.

For fem år sidan kom dei til Noreg etter ei farefull ferd. Fyrst reiste dei frå Syria til Libanon der dei budde i to år. Så bar det til Tyrkia, der familien vart delt i to. Mora og veslesystera i familien måtte reise til Italia. Leen, Shakib og faren måtte reise til Hellas med båt i ni dagar.

Vanskeleg tid

– I Hellas var det lite mat og drikke. Vi måtte sove tre dagar ute på vegen. Etter kvart fekk vi låne eit rom i ein kjellar, fortel Leen.

– Der måtte vi bu saman med ukjente menn, seier Shakib.

Mora og veslesystera reiste til Noreg fyrst. Etter åtte månadar fekk Leen, Shakib og faren kome til Noreg.

Sjå også Leen (16) og Shakib (13) fortelje:

– Kor vanskeleg vegen vår hit var kan eg nærast ikkje forklare. Men at vi er her gjer at vi kan lære, studere og ha moglegheiter til å gjere det me vil, seier Leen.

– Viss Moria-flyktningane også får komme hit, kan barna sleppe å svelte, seier Shakib.

Vil hjelpe andre

Då flyktningleiren i Hellas brann 8. september sa den norske regjeringa at dei vil hente 50 menneske av dei 12.000 som vart heimlause til Noreg. Mange i Noreg har reagert sterkt på at statsministeren ikkje vil hente fleire.

– Vi vil seie til Erna at 50 ikkje er nok. Det er jo også slik at ho har sagt at ho vil at norske foreldre skal føde fleire barn. Kan ikkje nokre av barna kome frå Moria? spør Leen.

Denne gjengen møtte statsminister Erna Solberg, då ho var på bedriftsbesøk på Stord. Avbileta er: Malene Rift Tollaksvik (13), Sunniva Hauge Vatna (13), Evin Guner (13), Victoria Isabell Larsen (13), Malin Svensen (13), Loza Abraham Yemane (12), Leen Badr (16), Nael Abraham Yemane (10), Helin Guner (13), Adrian Nordtveit (13), Mathias Jewah Rebi (11), Lamis Badr (10), Shakib Badr (13) og Jasmin Kazim (13). Foto: Janne Nerheim

Fekk svar frå Erna

Demonstrantane nytta høvet til å fortelje Erna Solberg (H) kva dei meiner om saka, i samband med at statsministeren var på bedriftsbesøk på Stord. Shakib fekk snakke direkte med Solberg.

– Kvifor er dei som er i Moria-leiren viktigare enn dei som er i Libanon, Rawanda eller dei som er i Kongo? spurde statsministeren.

– Det er eg ikkje sikker på. Men eg synest synd på dei, fordi leiren deira brann ned, svara Shakib.

Dei 12.000 flyktningane som budde i Moria-leiren måtte i starten av september forlate leiren, då den vart øydelagd av brann. Foto: AP Photo/Petros Giannakouris

Erna Solberg svara at Noreg tek imot 3000 kvoteflyktningar.

– Vi tek flest i verda i høve til storleiken på folkesetnaden vår. Men så må vi avgjere kvar vi hentar personar frå, og det er mange kriser og konflikter i verda, sa statsministeren.

Ho fortalde om flyktningar i Rwanda som også ventar på hjelp.

– Rwanda tok på seg å ta imot flyktningar frå Libya. Dei tok imot flyktningane fordi fleire land i Vesten lova å hente dei hit, fortel Erna Solberg.

Ho synest det er viktig at vi ikkje berre reagerer på det vi ser på TV.

– Vi sørger for at alle dei som ikkje kjem på TV, også får ei moglegheit til å kome. Difor meiner eg at vi skal ta flyktningar frå andre stader enn Moria, sa Solberg til Shakib.

Shakib fortel i etterkant at han er glad for at han fekk seie meininga si, og at Erna Solberg tok seg tid til å høyre på han. I ei melding som systera hans har sendt Framtida.no fortel han at statsministeren svara bra for seg, men stiller samstundes spørsmål ved kvifor ho skifte tema frå Moria-leiren til situasjonen i andre land.

Synnøve Kronen Snyen er ny leiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: SU