Om Moria-krisa: «Hadde EU teke ansvar før, kunne dette vore unngått»

Victoria Elisabeth Andal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Solidaritet kjenner inga grense, men det har EU.

Moria-leiren i Hellas har eigentleg plass til 3000 menneske, men der har no i lang tid vore opp til 20.000 flyktningar, kvinner, barn og menn.

Kapasiteten til leiren er sprengt for lengst. Dette er eit transittland for å dra vidare inn i Europa, men har no blitt ein ekstremt overfylt flyktningleir.

Dublin III-avtala bidreg til at det blir eit auka press mot Sør-Europa, slik vi ser i Hellas, medan land som Ungarn og Polen ikkje viser solidaritet.

Dette endar med at flyktningar vert sitjande fast i leirane i håp om at asylsøknaden deira skal bli godkjent.

Det er ei krise i Noreg med pandemien, men i Moria er det ei katastrofe.

Flyktningane har heller ikkje tilgang på friskt vatn og hygieneartiklar som er livsnødvendige i dagens situasjon med korona, og med dei overfylte leirane kan ein ikkje ha ein meters avstand.

Det er ei krise i Noreg med pandemien, men i Moria er det ei katastrofe.

Dei har ingenting å beskytte seg med og viruset spreier seg som ei bølge. Det er berre eit spørsmål om tid før det blir katastrofalt.

Det har vore organisasjonar som Røde Kors og Norsk Folkehjelp i Moria-leiren for å gi så mykje bistand dei kan, og få evakuert dei mest sårbare. Dette er gjort med liten, om noko, hjelp frå EU.

Det er EU som skal ta ansvar for flyktningane.

Det er EU som skal ta ansvar for flyktningane, og spesielt bidra når det blir overfylte flyktningleirar.

Når unge menn og kvinner fortel at dei har vore der tre år og ingen har vist forståing eller spurt om dei har det bra. Det er ingen spørsmål.

Når politiet stoppar mange av dei som kjem for å bidra frivillig, fordi det kan vere smittefare.

Hadde det ikkje vore for EU sin usolidariske flyktningpolitikk, ville situasjonen i Moria vore annleis, og det ville vore enklare å få godkjend opphald.

Moria er no i katastrofe

Moria er no i katastrofe. Leiren har natt til 9. september 2020 teke fyr, og store delar er brunne ned. Starten av brannen skal ha kome gjennom eit opprør mot koronatiltaka.

Hadde EU teke ansvar før og bidrege, kunne dette vore unngått.

Dette handlar ikkje om at flyktningar ikkje tek omsyn til Covid-19 – det er for lite plass og for dårlege tiltak. Over 150 menneske må dele same toalett og det er ikke moglegheiter for å vaske seg.

Det er mange hundre barn som ligg med sjukdomar som ikkje kan kurerast, i eit område med alvorleg dårlege vilkår i tillegg til ein global pandemi.

Dei siste fire åra har hjelpeorganisasjonar trygla europeiske regjeringar om å løyse Moria-krisa. Dette er ein kamp mot tida, utan ekte våpen.

Eg undrar på om FN si verdserklæring om menneskerettar, artikkel 3: at einkvar har rett til liv, fridom og personleg tryggleik, betyr noko i denne situasjonen.

Det er på tide at EU vaknar opp og innser at deira flyktningpolitikk ikkje fungerer.

Det skal ikkje vere slik at barn søker varme i brennande telt.