Barneombodet: Unge får ikkje god nok psykisk helsehjelp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barneombod Inga Bejer Engh. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

– Tenestene må på ein heilt annan måte enn i dag setje det særskilde behovet til barn i sentrum. Barn og unge må få eit psykisk helsetilbod som er tilpassa dei, ikkje ein kopi av det vi tilbyr vaksne.

Det sa barneombod Inga Bejer Engh ved lanseringa av rapporten «Jeg skulle hatt BUP i koffert».

Rapporten har sett på hjelpa barn får i barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP). Dei har snakka med 26 ungdommar, 20 foreldre og dessutan ei rekkje leiarar og behandlarar.

Ulik praksis og lang ventetid

Blant hovudfunna er at det er ulik praksis mellom ulike klinikkar og manglande internkontroll.

Det er framleis lang ventetid frå tilvising, og ho varierer mellom 34 dagar i Helse vest til 52 dagar i Helse Midt-Noreg. Tenesta er ikkje fleksibel nok, og unge har ikkje alltid tilgang på rett hjelp, skriv Barneombodet.

Hastar med effektive tiltak

For å bøte på problema tilrår Barneombodet mellom anna at regjeringa set ned eit utval som gjennomgår organiseringa av psykiske helsetenester for barn og unge, at ein prøver å samordne og skaffe oversikt over praksis i heile landet, og at ein prøver å gjere tilbodet meir fleksibelt og tilpassa kvart enkelt barn.

– Det er behov for ein brei gjennomgang av tilbodet til barn og unge som treng psykisk helsehjelp. FNs barnekomité  har fleire gonger påpeika at det psykiske helsevernet for barn og unge i Noreg er for dårleg utvikla, og at det hastar å treffe effektive tiltak, seier Bejer Engh.

Illustrasjonsfoto: Ivana Cajina/Unsplash