Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 24.03.2021 13:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Koronaviruset fører til einsemd i lockdown rundt om i verda, avlyste hendingar, frykt for smitte og anna mentalt stress.

Lått skal visstnok vera den beste medisin. Men etter fleire månadar med verdsomspennande pandemi som legg eit lôk på livsgleda, er det kanskje eit skikkeleg skrik som trengst for å letta på frustrasjonen?

Slepp det ut

Island har kome med si løysing på dette, i kampanjen frå Promote Iceland: Let It Out. Her kan du ta opp det råaste, styggaste, mest gutturale skriket ditt for å få ut litt frustrasjon og sleppe det ut i det store, opne landskapet på Island.

heimesida får du streaming frå fem ulike plassar på Island, der det er plassert store, gule høgtalarar som speler av verdas frustrerte rop og skrik. På Viðey i Reykjavík, Festarfjall ved Grindavík, Skógafoss, ved foten av Snæfellsjökull, ved Kálfshamarsvík og ved Rauðasandur.

Primalterapi

Alle som sender inn sitt bidrag får ein video av deira eige rop frå der det er blitt spelt av. I tillegg ligg det på heimesida dersom du heller vil lytte litt til andre sine rop.

Sjølv om det først og fremst er ein reiselivskampanje for å få folk til Island, er det også fokus på mental helse, og kampanjen er inspirert av primalterapi. 


T.v. Marna Korstadhagen, Lene Guttulsrud. Foto: Privat.