Kan ei borgarforsamling visa vegen ut av klimakrisa? Seks av ni ungdomsparti er positive

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 26.08.2020 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I slutten av januar hadde den britiske borgarforsamlinga for klima sitt første møte. Der var 100 heilt vanlege britar samla for å diskutera korleis Storbritannia kan verte eit utsleppsfritt samfunn. Kan noko tilsvarande vera aktuelt i Noreg?

Framtida.no har spurt ungdomspartileiarane.

– Eg synest det er kult å prøve ut nye måtar å involvere folk på i politikken! SU vil flytte makt nærare folk og vi vil ha meir deltakande og direkte demokrati, fortel Synnøve Kronen Snyen, leiar i Sosialistisk Ungdom.

SU-leiaren påpeikar at klima for første gong er den viktigaste saka for norske veljarar, og at halvparten av nordmenn vil vere med på like inngripande tiltak for å handtere klimakrisa som koronakrisa.

– Folk vil at styresmaktene skal handle i møte med klimakrisa, og borgarråd kan vere med på å dytte politikarar til å innføre ein meir ambisiøs klimapolitikk, held ho fram.

Synnøve Kronen Snyen er ny leiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: SU

Polarisering, møt borgarforsamling

Mykje av appellen med borgarforsamlingar har vore at det kan føra til løysingar der politikken har gått i lås. Som ein gjorde i debatten om abortlovgiving i Irland.

Med aukande politisk polarisering er det ikkje så overraskande at slike forsamlingar har blitt aktuelle også på andre politiske område, slik som klima.

Tilhengarar av borgarforsamlingar meiner at eit representativt utval av folket kan komma fram til meir samlande politiske anbefalingar, enn forslag frå polikararar og politiske parti.

I motsetning til folkerøystingar, vil ei borgarforsamling få tilgang på meir uhilda informasjon, og få tid til å læra om og drøfta emnet det gjeld, lyd argumentasjonen vidare.

– Dette har vi ikkje diskutert i organisasjonen endå, men det er unekteleg eit spennande forslag. Polariseringa av samfunnsdebatten er ein klimatrussel, og dersom eit borgarråd kan vere med på å skape legitimitet og einigheit om klimatiltak, så kan det vere riktig, fortel KrFU-leiar Edel-Marie Haukland.

Edel-Maria Haukland er leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom. Foto: Edel-Marie Haukland/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

Forsiktig positiv

Også AUF-nestleiar Astrid Hoem er open for ideen om ei norsk borgarforsamling for klima.

– Eg synest det høyrest ut som ein spennande idé. Vi har ikkje diskutert akkurat dette endå i AUF. Men det vi har diskutert mykje er korleis ein kan få folk frå ulike ståstader til å samlast rundt same bord for å diskutere.

Astrid Willa Eide Hoem

Astrid Willa Eide Hoem er nestleiar i AUF. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet

– Eit av våre forslag er inspirert av kolkommisjonen i Tyskland, der folk frå fagrørslene i oljebasert industri, klimarørsla, representantar frå kommunane det råkar mest og representantar fra partia set seg ned og diskuterer konkrete punkt for korleis vi skal få til den grøne omstillinga frå olje til fornybart, legg AUF-nestleiaren til.

Store parti, små øyro

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark Persen spekulerer i om ei borgarforsamling kunne fått dei store partia til å ta innover seg alvoret rundt klimakrisa:

– Det viktigaste for å nå klimakrisa må være at alle parti tar innover seg kor alvorleg den er. Det har ikkje vore mangel på klimaengasjement dei siste åra, men dessverre lyttar ikkje dei store, grå partia til det.

Sondre Hansmark Persen er leiar i Unge Venstre. Foto: Johan Malvik.

– Eg mener vi godt kan setje ned eit borgarråd for klima, fordi folk verkar meir interesserte i å løyse klimakrisa enn ein del politikarar. Eg meiner vi bør ned i null utslepp så raskt som mogleg, og eg er for alle tiltak som bidrar til det.

Optimisme i sentrum

Torleik Svelle er leiar i Senterungdomen.

Senterungdom-leiar Torleik Svelle poengterer at partiet er opptekne av å lytte til folk.

– Dersom eit slik råd for anten klima, eller for andre politiske saker kan føre til at fleire engasjerer seg i politikk og at det blir kortare veg mellom folk og politikarar, så er det bra!

Grøn Ungdom er positive til forslaget, men trur ikkje hovudproblemet i klimapolitikken er at ein manglar løysingar.

– Eit borgarråd for klima er eit interessant forslag for å få folket med på ein grøn idédugnad. Grøn Ungdom ønskjer i første omgang eit klimaråd av uavhengige ekspertar etter modell frå Storbritannia, som anbefaler tiltak og rapporterer til Stortinget og folket om framdrifta i klimapolitikken.

Det seier nasjonal talsperson i ungdomspartiet Hulda Holtvedt, og poengterer:

– Hovedproblemet i klimapolitikken er ikkje mangel på løysingar, men at regjeringa ikkje blir stilt til ansvar for å sluntre unna.

Hulda Holtvedt er nasjonal talsperson for Grøn Ungdom. Foto: Foto: Magnus Skrede, MDG/Flickr/CC BY-ND 2.0

Skepsis på høgresida

Leiar i Unge Høgre, Sandra Bruflot. Pressefoto

På høgresida i ungdomspolitikken er entusiasmen meir avmålt.

– Dette er ikkje noko vi har diskutert i Unge Høgre, men generelt vil eg seie at eg synest demokratisk valde politikarar kan og bør utforme norsk politikk. Kult at ein tenkjer nytt rundt innspel, men eg tenkjer nok ikkje på borgarråd som det som skal løyse klimakrisa, seier Sandra Bruflot, leiar i Unge Høgre.

Heller ikkje hjå formann i FpU Bjørn-Kristian Svendsrud står jubelen i taket. Han seier Noreg ikkje bør opprette eit borgarråd.

FpU-formannen meiner det er viktig å redusere utslepp av klimagassar, men trur ikkje det vert løyst av at eit statleg utval av befolkninga skal kome med innspel til regjeringa.

Bjørn-Kristian Svendsrud er formann i FpU. Pressefoto

– Noko av det mest grunnleggande med representativt demokrati er dei politiske prosessane internt i partia. Heile befolkninga har allereie i dag moglegheit til når som helst å komme med forslag til alle dei politiske partia innanfor alle politiske område, og det er bra, seier Svendsrud, og legg til:

– Eg har trua på at dei tiltaka som blir sett i verk og vedtekne av Stortinget blir gjennomført fordi fleirtallet i befolkninga ønskjer det, gjennom val. Det viktigaste er at folk bruker ytringsfridomen og seier si meining, engasjerer seg og stemmer ved val. Vi treng ikkje nye råd og utval for å finne forslag som elles blir til gjennom politisk verkstad internt i dei politiske partia.

– Det grøne skiftet føreset systemendringar

På heilt motsett side av det politiske spekteret blir ideen møtt med ambivalens.

– Klimakrisa er ein trussel mot menneskeslekta, demokratiet og framtida. Likevel opplever folk flest at det ikkje blir skapt rom for dei i «det grøne skiftet». Det grøne skiftet kan ikkje berre vere eit skifte til eit grønare samfunn, det må også vere eit skifte til eit meir demokratisk og rettferdig samfunn. Av denne grunnen kan borgarråd for klimaet høyrast ut som ein positiv ting, seier Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus.

Alberte Bekkhus er leiar hjå Raud Ungdom. Pressefoto.

Ho er likevel ikkje sikker på om ei borgarforsamling ville fått den nødvendige slagkrafta.

– Eit borgarråd for klima verkar litt som symbolpolitikk. Vi treng reelle endringar, og folk treng faktisk påverknadskraft. I dag stoppar demokratiet ved inngangen til økonomien. Dette hemmar dessverre all klimapolitikk i dag. Det grøne skiftet føreset systemendringar, for vi kan ikkje ha evig vekst på ein klode med avgrensa ressursar, seier RU-leiaren.

Bekkhus er heller ikkje overtydd over om denne formen for demokrati ved lottotrekning er å føretrekke over andre modellar, slik som folkerøysting eller innbyggarinitiativ.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

Fakta om borgarforsamling

  • Ei borgarforsamling er ei vilkårleg utvald gruppe menneske som skal få tid til å læra om og drøfta eit emne, for så å komma fram til politiske tilrådingar.
  • Ei borgarforsamling vil normalt vera representativ for befolkninga når det gjeld kjønn, alder, etnisitet osb.
  • Borgarforsamling er tenkt som eit tillegg til det representative demokratiet vi har i dag.
  • Borgarforsamlingar kan ha vidt ulikt tal på deltakarar, omfang og tidshorisont.