Millionar til nynorskrobot og fleire språktiltak

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Våren 2020 la regjeringa fram forslag til ei ny språklov, og følgjer no opp med ei satsing med 11,5 millionar kroner meir til språk. Dette kjem i tillegg til dei 9,3 millionane som kom i fjor.

– Språket er den fremste kulturberaren me har. Med språket kan me diskutera og argumentera, men òg samlast og bygga verdifellesskap uavhengig av kven me er, kor me kjem frå og kor me bur i landet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i ei pressemelding.

Desse får auka språkstøtte i 2021:

  • Språkrådet: 3 millionar kroner
  • Nynorsk pressekontor – «Nynorskroboten»: 2 millionar kroner
  • Kainun institutti – Kvensk instutt: 500.000 kroner
  • Norges Døveforbund: 500.000 kroner
  • Det Norske Samlaget: 200.000 kroner
  • Nynorsk avissenter: 200.000 kroner
  • Noregs Mållag: 200.000 kroner
  • Teater Vestland – Nynorskhuset i Førde: 600.000 kroner. (Auken kjem i tillegg til 1 million kroner som regjeringa la inn til prosjektet i 2020, og som blir vidareført i 2021.)
  • Standard Norge – terminologiarbeid: 2 millionar kroner
  • Universitetet i Bergen – Termportalen: 4 millionar kroner.

Får skryt frå Mållaget

Leiar i Noregs Mållag, Peder Loftnes Hauge, meiner støtta til nynorskroboten som Nynorsk Pressekontor utviklar, kan få svært mykje å seia for nynorsk i pressa i åra framover.

– Det er utruleg viktig at kulturminister Abid Raja satsar vidare på språkpolitikk, og for nynorsken satsar han på konkrete tiltak, seier han i ei pressemelding.

Peder Lofnes Hauge er leiar i Noregs Mållag. Foto: Jannica Luoto

I tillegg får Det Norske Samlaget og Nynorsk avissenter ekstra støtte, saman med Teater Vestland som arbeider med å få til eit Nynorskhus i Førde. Kulturdepartementet har også funne plass til ei løyving til Vinjesenteret i Vinje.

Peder Lofnes Hauge er også nøgd med at Noregs Mållag får 200 000 kroner til på nynorskstafetten neste år.

– Trong for ekstra løft for nynorskelevane

Noregs Mållag er ikkje like nøgde med budsjettet til kunnskapsminister Guri Melby.

– Mållaget er skuffa over at regjeringa heller ikkje denne gongen kjem med det ekstra løftet i grunnskulen som nynorskelevane verkeleg treng. Særleg er me uroa for at det ikkje ligg inne pengar til språkdelte ungdomsskular i budsjettet frå Kunnskapsdepartementet, seier Peder Lofnes Hauge i pressemeldinga.