Sukkerhaldige drikker kan auke risikoen for kreft ifølgje ny studie

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste tiåra har forbruket av kaloririk drikke som inneheld sukker, eksplodert verda over.

Ei gruppe franske forskarar har undersøkt koplinga mellom eit auka forbruk av sukkerhaldige drikker og risikoen for ulike typar kreft som brystkreft, prostatakreft og tarmkreft. Studien er publisert i siste utgåve av det medisinske tidsskriftet BMJ.

Studien har kartlagt forbruket til over 100.000 vaksne, med ein gjennomsnittsalder på 42 år. 79 prosent av dei var kvinner.

Les også: Rapport seier Noreg har Europas tredje beste helsevesen, men får kritikk for å driva dyrt og ineffektivt. 

Aukar sjansen med 18 prosent

Deltakarane, som har vorte følgde i ein periode på maksimum ni år, fylte ut minst to diett-skjema med det daglege inntaket sitt av sukkerdrikker – i tillegg til drikker med kunstige søtingsstoff og 100 prosent fruktjuice.

Forskarane målte det daglege inntaket til dei som drakk sukkerhaldige drikker, mot dei som drakk drikke utan sukker og samanlikna deretter krefttilfelle.

Dei fann at berre ein auke på 1 dl per dag av sukkerhaldige drikker auka sjansen med å få kreft med 18 prosent. Sjansen for å få brystkreft auka med 22 prosent. Funna var dei same for både brus og fruktjuice.

Under ein oppfølging fann forskarane 2.193 diagnostiserte krefttilfelle, med ein gjennomsnittsalder på 59 år.

Les også: Ny forsking hevdar at stillesitting kanskje ikkje er så farleg (men du bør ikkje liggje heilt på latsida)

Skatt på brus kan påverke krefttilfelle

Forfattarane av studiane understrekar likevel at undersøkingane er baserte på observasjon, og at dei dermed ikkje kan fastslå årsaka til kreftdiagnosane.

Samtidig omfattar studien ei stor mengde prøvar. Basert på funna meiner forskarane dermed at å innføre avgifter på sukkerhaldige drikker kan ha ein betydeleg innverknad på talet på krefttilfelle.

– Denne store, godt utforma studien underbyggjer det eksisterande beviset på at forbruket av sukkerhaldige drikker kan vere knytt til auka risiko for visse typar kreft, seier Graham Wheeler i Cancer Reseach UK.

Les også: Utval vil fjerne sukkeravgifta og erstatte ho med ei helsegrunngitt avgift

– Moderasjon

Leiar for studien, dr. Mathilde Touvier, understrekar at funna ikkje betyr at ein aldri kan drikke brus.

– Poenger er å balansere inntaket. Tilrådinga frå fleire helseføretak er å konsumere mindre enn ein sukkerdrikk per dag, seier ho til The Guardian.

Studien er publisert i det medisinske tidsskriftet BMJ.

Les også: Lågare risiko for depresjon hos dei som gjekk på kino og konsert