Noreg held fram med den billigare HPV-vaksinen
– Skuffa, seier overlege om avgjerda.
HPV-vaksinen Cervarix vann anbodet til Direktoratet for medisinske produkt (DMP). Det melder DMP i ei pressemelding måndag.
Cervarix er den vaksinen som blir tilboden i vaksinasjonsprogrammet i dag og han beskyttar mot to variantar av HPV. Dei siste åra har fleire valt å betale for Gardasil 9, fordi den vaksinen beskyttar mot fleire typar HPV, inkludert kjønnsvorter.
Kva er HPV?
Humant papillomavirus (HPV) er ei stor virusgruppe.
Mange HPV-sortar kan føre til kjønnsvorter, medan nokre få kan føre til livmorhalskreft.
Kjelde:
– Begge vaksinane beskyttar svært godt mot HPV-relatert kreft og forstadium til kreft. Etter ei totalvurdering av effekt, tryggleik og pris, vann Cervarix anbodskonkurransen. Det er den store prisforskjellen i tilboda frå leverandørane som vart avgjerande for resultatet av anskaffinga, står det i pressemeldinga til DMP.
Ifølgje DMP vart ikkje beskyttelse mot kjønnsvorter like høgt vekta som beskyttelse mot kreft.
– Vi i dei kliniske fagmiljøa er ekstremt skuffa over avgjerda. At ein vel å gå motsett veg i forhold til alle andre land i Vesten og vel Cervarix er uforståeleg, seier overlege Andreas Hopland til NRK.
Ingrid Stenstadvold Ross frå Kreftforeininga er heller ikkje nøgd, og seier til NRK at Noreg burde kunne forhandle seg til ein akseptabel pris på Gardasil 9 i likskap med andre europeiske land.
● Les også: HPV-vaksine kan redde vaksne menn frå kreft