Iran innfører strengare morallover for kvinner

Kvinner i Iran risikerer store bøter, lange fengselsstraffer og i verste fall dødsstraff for å ikkje retta seg etter lovene.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Tidlegare denne månaden vedtok det iranske regimet nye lover knytt til påkledning og hijabbruk, skriv The Guardian. Lova trer i kraft fredag 13. desember 2024.

«Dårleg påkledning»

Kvinner som «promoterer nakenheit, uanstendigheit, avsløring eller upassande påkledning» risikerer bøter opp mot 150 000 norske kroner, piskeslag eller fengsel i opptil femten år for gjentekne tilfelle.

Kvinner i Iran må dekkja til hovudet sitt med skjerf, i tillegg er det ulovleg å visa andre kroppsdelar enn hender og føter nedanfor halsen. Dette vert definert som «dårleg påkledning».

Lova forbyr òg fremming av «nakenheit, uanstendigheit, avsløring eller dårleg påkledning» i samarbeid med utanlandske einingar, som sivilsamfunnsorganisasjonar og media.

I yttarste konsekvens kan personar, og særskilt kvinner, dømmast for «korrupsjon på jorda», som kan gje dødsstraff.

Amnesty ber verda reagera

Amnesty International ber det internasjonale samfunnet leggja press på iranske myndigheiter for å oppheva lovene knytt til tildekking for kvinner.

– Denne skammelege lova intensiverer rettsforfølginga av kvinner og jenter for å våga å stå opp for rettane sine etter «Kvinner, liv, fridom»-opprøret, seier Diana Eltahawy, regiondirektør for Midtausten og Nord-Afrika.

– Myndigheitene vil befesta det allereie kvelande systemet av undertrykking av kvinner og jenter, medan dei gjer dagleglivet deira enno meir utoleleg, seier ho i pressemeldinga frå Amnesty International.

Kvinner som bryt lova for korleis dei kler seg kan òg straffast med reiseforbod, sosiale medium-restriksjonar, inndraging av eigedom, framkomstmiddel eller førarkort, eller restriksjonar knytt til utdanning eller arbeid.