I kronikken til Harald Nyland (Unge Høgre), påstår Nyland at Noreg må vurdere kjernekraft om vi skal nå våre klimamål. Nyland overser dei unike ressursane og moglegheitene som er tilgjengelege i Noreg, noko som gjer påstanden hans mangelfull og feil.
Vatn og vind
Elver strekker seg gjennom heile Noreg og vi har landskap med mykje vind. Det er desse ressursane vi har tatt i bruk. Som konsekvens av dette, har vi tilgang til masse rimeleg, fornybar og regulerbar energi.
Rimeleg energi er ein av grunnane til at Noreg er leiande innan fleire kraftkrevjande industriar. For augeblikket opplever fleire kraftprodusentar at dei har så mykje straum at dei må selje straumen til marknad og industri med tap.
Eg er einig med Nyland i at vi treng meir kraft, uenigheita mellom oss oppstår ved kor vi skal få den frå.
Dyr kjernekraft
Eg forstår poenga Nyland fremmar. Kjernekraft er langt sikrare i dag enn tidlegare, energien er på mange måtar utsleppsfri og det er nye løysningar når det kjem til lagring av avfall. Likevel unngår han å skrive om dei openberre negative konsekvensane ved dette forslaget.
Nyland viser òg til utbygginga av kjernekraft i Finland, men vel å ikkje fortelje at prosjektet er 10 år bak skjema og fleire milliardar over budsjett. Den franske industrigiganten Areva gjekk konkurs som konsekvens av eit kjernekraftprosjekt som hadde store overskridingar. Desse eksempla viser at kjernekraftverk er dyre og går fort over budsjett.
I framtida kjem Noreg til å få energien sin frå endå meir vind og vatn. KWh-prisen for fastlandsvind er 1/3 av prisen kjernekraft produserer for idag. Kjernekraft er ikkje i stand til å konkurrere med dei nordiske kraftprisane. Vidare er det langt raskare å byggje ut vind samt at det krev mindre naturinngrep. I Noreg har vi store ressursar til å produsere endå meir fornybar energi.
- Les også innlegget frå fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre: «Ja til fornybar energi – òg for resten av Europa»
Vil ikkje avskrive kjernekraft globalt
Det som gjer kjernekraft attraktivt, er at energien kjernekraft produserer er stabil. Vasskrafta vi har i Noreg er regulerbar, i tillegg til å vere stabil. Dette gjer at Norsk Vannkraft kan produsere endå meir energi når det ikkje bles.
Sjølv om eg ikkje er einig med Nyland i at kjernekraft har ei framtid i Noreg, vil eg ikkje avskrive at kjernekraft kan spele ei rolle når det kjem til å erstatte verdas fossile kraftproduksjon globalt.
Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!
Les og meiningsinnlegget om #Dennyeoljen: «Ungdomens klimakamp handlar ikkje om egoisme»
