Leiar i Naturvernforbundet, Silje Ask Lundberg, er bekymra for at regjeringa tar viktige avgjerder om vindkraft utan å lytte til innspel frå sivilsamfunnet.
mm

– Vi er bekymra for at regjeringa no tar viktige avgjerder om vindkraft utan å lytte til innspel frå sivilsamfunnet, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet, i ei pressemelding.

Ny gjennomgang av konsesjonsprosessen

Seks miljø- og friluftsorganisasjonar krev no å bli tatt med i prosessen når regjeringa skal fornye konsesjonssystemet for utbygging av vindkraft.

Etter at den nasjonale ramma for vindkraft på land vart skrinlagd i fjor haust, har regjeringa varsla ein gjennomgang av konsesjonsprosessen.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har nyleg gitt tilrådingar til Olje- og energidepartementet, men verken miljøforvaltninga eller interesseorganisasjonar har så langt vorte spurde om innspel, melder Naturvernforbundet.

Organisasjonane Sabima, Den Norske Turistforening, Norsk Ornitologisk Forening, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Norsk Friluftsliv og Naturvernforbundet har no sendt eit brev til Olje- og energiministeren med konkrete forslag til endringar av konsesjonssystemet, og ber samstundes om å bli tekne med i prosessen.

Frå vindmølleparken på Smøla. Illustrasjonsfoto: Kjell Herskedal / NTB scanpix / NPK

Vil involvera sivilsamfunnet

I brevet kjem organisasjonane med innspel om at miljøstyresmaktene må få ein klar og formell rolle i vindkraftforvaltninga. Dei ber òg om at sivilsamfunnet må involverast og at det må vere strengare krav til miljøfaglege utgreiingar og at natur og friluftsliv må vektleggast tyngre.

Organisasjonane meiner òg at det må gjennomførast ein ny, omfattande høyring før endringane i konsesjonssystemet blir bestemt, og poengterer at høyringa av nasjonal ramme ikkje var ei høyring av konsesjonssystemet.

Olje- og energiminister Tina Bru svarte nyleg på Arbeidarpartiets spørsmål om prosessen, og gav signal om at ho ønsker å lytte til organisasjonane. Naturvernorganisasjonane er spente på korleis det vil bli følgt opp i praksis.

– Viss regjeringa skal ta på alvor den massive motstanden som nasjonal ramme for vindkraft medførte, er det beste rådet vårt å legge opp til ein open og inkluderande prosess framover. Vi oppmodar statsråden til å halde innspelsmøte i alle regionar som er omfatta av vindkraftplanar, og dessutan å invitere interesseorganisasjonar til eigne innspelsmøte, seier generalsekretær i Den Norske Turistforening, Dag Terje Klarp Solvang, i pressemeldinga.

 

ANNONSE