«Det vil vere vanskeleg å nå togradersmålet utan bidrag frå kjernekraft»

Harald Nyland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Verda er stadig i endring og det er også teknologien. I framtida kan det bli vanskelegare å produsere nødvendig med energi ved hjelp av fornybare kjelder, slik at vi kan oppretthalde vår levestandar.

Vi har vass- og vindkraft samt solenergi, men når alt vi brukar skal gå over på fornybar energi har vi ikkje nok. Vi er berre i starten av elektrifiseringa. Difor må ein sjå på andre nødvendige løysingar, som til dømes kjernekraft.

Ikkje tilstrekkeleg fornybar energi

Skal vi unge og våre barnebarn vekse opp i eit samfunn med rein luft og blå himmel, er vi nøydd til å gjere noko no. Vi høyrer stadig vekk politikarar som diskuterer å fase ut olje, sidan den ikkje er fornybar og bidreg til auka CO2.

Greitt nok det, men per dags dato har vi ikkje tilstrekkeleg fornybar energi til å dekke framtidig etterspørsel. Difor må vi opne opp for meir utgreiing av kjernekraft.

Kjernekraft er effektivt og trygt, noko ny teknologi bidreg til

Grunnen er enkel. Kjernekraft er effektivt og trygt, noko ny teknologi bidreg til.

Vi kan ikkje samanlikne dei øst-europeiske anlegga når vi diskuterer kjernekraft. Langt færre dør på grunn av kjernekraft enn alle andre former for kraftproduksjon. Samtidig er den mykje reinare, då den ikkje slepp ut nokon form for CO2 eller NOX. Samtidig er kjernekraft påliteleg og billeg.

Sikker lagring av avfall

Her i Noreg blir kjernekraft møtt med motstand, både av folk og miljøaktivistar. Kanskje er grunnen at vi har blitt eksponert for amerikanske TV-seriar som Chernobyl og konsekvensane det medførte. Det er forståeleg, men ein må hugse at både styresett og teknologien har endra seg mykje sidan ulykka.

Svenske Stellan Skarsgård har ei av hovudrollene i den kritikarroste HBO-serien basert på Tsjernobyl-ulukka. Foto: HBO

I Finland satsar dei no på utbygging av kjernekraft. Dei har bygd verdas største kjernereaktor. Der er både befolkninga og miljøbevegelsen for.

Ei viktig problemstilling når vi snakkar om kjernekraft er korleis ein skal lagre avfallet, som er radioaktivt. Dette har blitt forska på lenge, også i Noreg. Forskarane har funnet ut at det beste er å lagre det i store djupe fjellager, der avfallet blir lagt opp i jern- og koparkapslar langt nede i jorda. Dette vil både vere sikkert og ikkje skade området rundt. Noko som vi fint kan gjere her i Noreg.

Vanskeleg å nå togradersmålet utan

No er tida kome for å vurdere kjernekraft også i Norge. Det vil vere vanskeleg å nå togradersmålet utan bidrag frå kjernekraft.

Om vi skal oppretthalde vår leverstandard, her og i andre land, må kjernekraft på bordet

Konsekvensane ved global oppvarming er verre enn risikoen for ei ulykke med kjernekraft. Om vi skal oppretthalde vår leverstandard, her og i andre land, må kjernekraft på bordet. Er du mot kjernekraft vil du også vere mot ein rask overgang til eit karbonfritt energisystem.