#Dennyeoljen: «Ungdomens klimakamp handlar ikkje om egoisme»

Embla Regine Mathisen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tidlegare denne veka skreiv E24 om korleis representantar frå organisasjonen Norsk olje og gass, som mellom anna jobbar med lobbyverksemd på vegner av oljebransjen, i fleire år har reist landet rundt på skulebesøk for å halde workshops for over 7000 norske elevar og studentar.

Prosjektet, kalla #dennyeoljen, vart starta for å «engasjere unge i ein faktabasert samfunnsdebatt på temaa energi, klima, teknologi og verfeld». Organisasjonen sine eigne prosjektrapportar viser derimot at skulebesøka deretter har vorte brukte til å utvikle ein kommunikasjonsmodell for oljebransjen, med føremål om å få klimaengasjert ungdom til å «heie på olja».

Det er ikkje overraskande, men like fullt skremmande, å sjå kor langt oljebransjen no er villige til å strekke seg i si desperate jakt etter nye supportarar. Det er både uetisk og skammeleg at ein lobbyorganisasjon kamuflerer seg sjølv som ein faktabasert aktør for å få innpass hjå norske skuleelvar.

Samstundes gjev avsløringane oss ein god illustrasjon på ei bransje i store problem, som ikkje har klart å fenge ungdommen, og som no ser seg nøydd til å ta alle skitne triks i bruk for å spreie mytar om ei utdøyande næring.

Uetisk og skammeleg

Norsk olje og gass sin målretta kommunkasjon for å påverke unge menneske er i seg sjølv høgst kritikkverdig. På toppen av dette kjem sjølve innhaldet i rapporten, som på enkelte punkt grenser til det absurde.

I rapporten vert det understreka mellom anna at dagens ungdom først og fremst vert drivne av «egoistiske behov og behovet for sjølvrealisering». Det vert òg hevda at millennial-generasjonen «i større grad vert styrte av draumar og ambisjonar, enn av reine fakta».

Påstanden er altså, i grunnen, at dagens unge engasjerer seg i klimaspørsmål fordi dei er egoistar.

Vi forstår godt at ei desperat næring i utakt med tida opplever det som frustrerande at ungdommen ikkje lenger «heiar på olja», men viss det er slik oljebransjen trur dagens unge tenker, er det kanskje ikkje så rart dei slit med rekrutteringa?

Norsk olje og gass sine nedlatande skildringar av ungdommen kan berre verte karakterisert som ein total skivebom.

Ein total skivebom

I 2019 tok titusenar av norske skuleelevar og studentar til gatene for klimaet, og skapte med det ei folkerørsle Noreg ikkje har sett maken til på fleire tiår.

Å stemple desse aktivistane som egoistar er ikkje noko anna eit hån mot alle dei som – med beundringsverdig pågangsmot og brennande engasjement – tok kampen mot passive politikarar og demonstrerte for alle menneske sin rett til ei leveleg framtid.

Den 30. august 2019 var tusenvis av skuleelevar samla til klimastreik framfor Stortinget. Arkivfoto: Ingvild Eide Leirfall

Så nei, klimakampen handlar ikkje om status og sjølvrealisering. Dagens unge bryr seg om klimarettferd.

Vi bryr oss om dei som har bidrege minst til klimaendringane, men som likevel opplever dei verste konsekvensane.

Vi bryr oss om rettferda til millionar av menneske som kvart einaste år vert drivne på flukt på grunn av klimarelaterte katastrofar.

Vi bryr oss om at framtidige generasjonar skal arve ein leveleg planet.

Finst det noko mindre egoistisk enn akkurat det?


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Les også: Etter skredet gjekk Line Ylvisåker på jakt etter svar: – Er det rare vêret klimaendringane?

– Eg er veldig spent. Det er godt å få skrive boka ferdig, og at den no skal ut, men eg er ikkje van til å vere på den andre sidan av journalistblokka, fortel Line Nagell Ylvisårker som no debuterer som forfattar med boka «Verda mi smeltar». Portrettfoto: Samlaget / Bakgrunnsbilete av Adventfjorden på Svalbard: Bente Kjøllesdal