«Noreg treng både olje, gass og kjernekraft!»
Å stenge ned norsk olje- og gassindustri vil ikkje redde klimaet – det vil berre gjere oss fattigare og meir avhengige av land som Russland, meiner Mathias Heian Ræmisch i FpU.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Ingvill Torgersen frå Natur og Ungdom meiner vi ikkje bør glede oss over tidleg vår, men heller bekymre oss for klimaendringar. Problemet er at ho overser at klimaet alltid har gått i naturlege syklusar. Det har vore varme periodar før, lenge før vi byrja å bruke olje og gass.
Men sjølv om klimaet endrar seg, tyder ikkje det at vi skal kutte ut norsk olje og gass. Europa treng energi, og vår gass er ei langt betre løysing enn kol frå for eksempel Tyskland. Å stenge ned norsk olje- og gassindustri vil ikkje redde klimaet – det vil berre gjere oss fattigare og meir avhengige av land som Russland.
Samtidig er vi i FpU einige i at vi må satse på nye energikjelder. Difor meiner vi at Noreg må byggje ut kjernekraft. Det er ei trygg, stabil og utsleppsfri energikjelde som kan gje oss den krafta vi treng utan å øydeleggje naturen slik som vindkraft gjer.
Den største utfordringa er at regjeringa ikkje tør å ta grep. Viss vi verkeleg ønskjer eit grønt skifte, må vi ha FrP i regjering, så vi kan satse på kjernekraft og sikre energiframtida til Noreg.
Ja, klimaendringar finst, men løysinga er ikkje å stenge ned norsk olje og gass. Vi treng realisme, ikkje skremselspropaganda.