Mange studentar bidreg med viktig arbeidsinnsats i helse- og omsorgssektoren under pandemien. For å hindre at dei som stiller opp tapar økonomisk, fjerna regjeringa i vår inntektsgrensa for desse studentane.

No foreslår regjeringa å forlengje ordninga ut året.
– Helse- og omsorgssektoren har framleis stort behov for arbeidskraft på grunn av koronapandemien. Studentar som stiller opp, skal sleppe å bekymre seg for at mykje ekstrajobbing skal gå utover stipendet. Derfor foreslår vi å forlengje ordninga som vi innførte i vår, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.
Studentar som får stipend heile året, kan i utgangspunktet tene inntil 188.509 kroner utan å få redusert støtta, men no kan altså studentar som jobbar i helse- og omsorgssektoren sjå bort frå denne grensa.
- Les også intervjuet med Bomlø-elevane om korona og heimeskule: – Eg tenkte «ja, ferie, det blir gøy!», men så blei det to månader med drit
