Måling: Sju av ti krev auka klimainnsats

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 20.09.2020 21:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Halvparten av alle som stemmer, seier at korleis partia løyser klimakrisa, vil påverke røystinga deira, seier generalsekretær Dagfinn Høybråten i Kirkens Nødhjelp til NTB.

– Det betyr at det finst veljarar i alle parti som ønskjer ein meir ambisiøs klimapolitikk, seier han.

Kjem klimaomsyn til å påverke korleis du stemmer ved stortingsvalet?

Kjem klimaomsyn til å påverke korleis du stemmer ved stortingsvalet?

I stor grad14
I ei viss grad4
I liten grad3
Ikkje i det heile 2
Veit ikkje2
Eg har ikkje tenkt til å stemme0
Svar totalt: 25

 

Oljefondet må ta etiske vurderingar

I undersøkinga Respons Analyse har gjort for hjelpeorganisasjonen, er folk i tillegg til klima spurt om kva dei meiner om bistand, koronavaksine og Oljefondet.

66 prosent av dei spurde er heilt samd i at norske politikarar har eit ansvar for at dei fattige i verda får tilgang til ein koronavaksine. Hos den eldste aldersgruppa er delen 70 prosent.

Samtidig meiner fire av fem spurde at Oljefondet allereie før fondet investerer i ulike selskap, må vurdere om selskapa møter dei etiske standardane på område som miljø og menneskerettar.

Det er gjennomgåande stor støtte hos førstegongsveljarane for alle sakene, ikkje minst det som handlar om klima.

1.075 respondentar har svart på spørsmåla i undersøkinga.

Sylvain Burquier (46) frå Paris var ein av 150 medlemer i den franske borgarforsamlinga for klima. Burquier trur denne demokratiforma kan bringa folk og politisk leiing nærare kvarandre, og gjera det mogleg å setja i verk tilstrekkeleg kraftfulle klimatiltak. ©Katrin Baumann