Kjønnsforskjellane er størst i norsk hovudmål, norsk sidemål, kunst og handverk og mat og helse. Berre i eitt fag er gutane best.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjennomsnittleg grunnskulepoeng har auka for både jenter og gutar dei siste ti åra. Sidan 2015 har likevel kjønnsforskjellane halde seg på rundt 4,5 poeng i jentene sin favør.

Snittet for jenter ligg i år på 44,3 poeng, medan det for gutar ligg på 39,7 i 2019, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

Gjennomsnittleg grunnskulepoeng etter kjønn. Kjelde: SSB

Forskjell i fag

Jentene får høgare standpunktkarakter i nesten alle faga, noko som får størst utslag i norsk hovudmål, norsk sidemål, kunst og handverk og mat og helse.

Minst forskjell er det i matematikk, og berre i kroppsøving får gutane gjennomsnittleg betre karakterar.

Gjennomsnittlege standpunktkarakterar i utvalgte fag, etter kjønn. 2019. Kjelde: SSB

Høgast snitt har elevane i Oslo med 43,3 grunnskulepoeng i år. Deretter følgjer Akershus (42,6) og Oppland (42).

I motsett ende av skalaen finn me Finnmark (40,4), Telemark (40,5) og Østfold (41,2).