Tiendeklassingane fekk høgare standpunktkarakterar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avgangselevane frå ungdomsskulen fekk i gjennomsnitt 43,2 grunnskulepoeng. Det er meir enn eitt poeng høgare enn i fjor.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). Foto: Venstre

Tiendeklassingane i år fekk avlyst eksamen på grunn av koronapandemien og har berre standpunktkarakterar på vitnemålet. Elevane hadde ein spesiell vår med ein lang periode med heimeskule før dei fekk vende tilbake til klasseromma.

– I perioden med heimeskule denne våren måtte lærarane og skulane arbeide med standpunktvurderingar på andre måtar enn til vanleg. Eg veit at mange har strokke seg langt for elevane sine. Det kan ha gitt elevane betre moglegheiter til å få vist kva dei har lært. Det kan òg ha bidrege til at årets tal skil seg frå tidlegare, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Auka i alle fag

Karaktersnittet auka i alle fag bortsett frå i musikk og handverk. I desse faga var gjennomsnittleg standpunktkarakter det same som i 2019, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Standpunktkarakterane har i gjennomsnitt auka med 0,1 karakter frå 2019.

Den høgaste standpunktkarakteren er i kroppsøving, der gjennomsnittleg standpunktkarakter er 4,7. Matematikk har den lågaste gjennomsnittlege standpunktkarakteren med 3,8.

Dette er årets gjennomsnittlege standpunktkarakterar samanlikna med dei siste to åra. Grafikk: Statistisk sentralbyrå

I fleire fag er det store forskjellar mellom ulike elevgrupper. Elevar som har foreldre utan høgare utdanning, har ein gjennomsnittleg standpunktkarakter på 3,0 i matematikk. For elevar som har foreldre med meir enn fire års utdanning på universitets- og høgskulenivå, er gjennomsnittleg karakter i matematikk 4,5.

Normalt får elevane noko svakare karakterar på skriftleg eksamen enn i standpunkt. Kunnskapsdepartementet skriv i ei pressemelding at avlyste eksamenar er noko av årsaka, men slett ikkje heile årsaka, til auken i grunnskulepoeng.

Betre tid til vurdering

Departementet viser mellom anna til at skulane har hatt betre tid til å vurdere elevane sidan eksamen var avlyst.

Utdanningsdirektorat-direktør Hege Nilssen seier det vert interessant å sjå på årsalene til karakterendringa. Foto: Utdanningsdirektoratet

– Vi følgjer nøye med på resultata for elevane frå år til år og gjer analysar av forholdet mellom eksamenskarakterar og standpunktkarakterar. Koronakrisa endra vilkåra for karaktersetjing denne våren, og det blir interessant å sjå nærare på årsakene til endringa vi ser i årets resultat, seier Hege Nilssen, direktør i Utdanningsdirektoratet.

Ungdomsskuleelevane konkurrerer i hovudsak med elevar frå same årskull ved opptak til vidaregåande skule, og det auka karaktersnittet har derfor truleg ikkje store praktiske konsekvensar for elevane, skriv Kunnskapsdepartementet.

Elevar i Oslo fekk dei høgaste karakterane, med 44,9 grunnskulepoeng i gjennomsnitt. Dei to fylka med lågast snitt er Agder og Vestfold og Telemark, der elevane fekk høvesvis 42,3 og 42,4 i snitt.

Auken i karakterar gjeld både jenter og gutar. Som tidlegare år får jenter i snitt betre karakterar enn gutane, men snitten til gutane har auka meir i år.