Mari Hansen
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er vand med å arbeida åleine og er glad i å jobba heima. Så det var ikkje noko problem for meg.

18 år gamle Linn Mårstig Raaen rosar lærarane for innsatsen under heimeskulen. Denne våren fullfører ho tre år på idrettslinja ved Odda vidaregåande skule.

På vitnemålet hennar er det heile 20 seksarar, av 25 moglege.

Tyngre med heimeskule

På grunn av koronakrisa vart alle dei avsluttande eksamenane avlyste og elevane måtte ha heimeskule i åtte veker.

Nynorskeleven går ut av vidaregåande med 5,8 i snitt. Ho trur ikkje koronakrisa har verka inn på karakterane hennar i noko stor grad.

– Men det var vanskelegare å motivere seg heime enn det er på skulen. På skulen må du gjera noko. Det var greitt i byrjinga og så vart det litt verre etterkvart. Ein vart jo lei av å sitje heime og halda på med ting åleine. Det er jo litt motivasjon i gruppepress, innrømmer Mårstig Raaen.

Heller ikkje rektor ved Odda vidaregåande skule, Øyvind Bjørkevoll, meiner at karakterane ved skulen er påverka av koronakrisa.

– Karakterane blir sette utelukkande på bakgrunn av standpunkt, sidan vi ikkje har eksamenar i år. Dette skal ikkje gå utover det generelle karakternivået til elevane, og eg har ikkje grunn til å tru noko anna, svarar han i ein e-post til Framtida.no.

Leverer i tide

Den skuleflinke avgangseleven har brukt innleveringsfristar som ein motivasjon til å skapa gode resultat under krisa.

– Det å nå måla sine, at ein vil fullføra på same vis som ein hadde gjort på skulen. Eg har jo eit mål om å kome inn på juss. Det har vore ein motivator.

Dei gode karakterane kjem godt med når ho søkjer ein femårig master i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen, som i år var den nest mest populære utdanninga i Noreg.

Men før ho eventuelt kan starta der skal Mårstig Raaen inn i forsvaret, der ho skal bidra i ingeniørbataljonen i Skjold. 

Har ikkje ofra noko

Jenta frå Ullensvang slit ikkje med kjensla av å ha ofra noko for å ha gjort det så bra på skulen.

– Absolutt ikkje, eg syntest det har handla om fordeling av tid og prioritering av oppgåver. Eg har hatt tid til å gjera akkurat det eg vil, utanom òg, forsikrar ho

18-åringen jobbar i snitt èin time dagleg med lekser og har nokre gode råd til dei som vil lukkast på skulen.

– Det er naudsynt å fordela tida si og gjera gode proriteringar. Å vera villig til å læra. Å gå inn i ting med tanken om at du skal læra noko, ikkje berre gjera det.

Herdis Auestad Nergaard (19), Anna Standal Tangen (20) og Jenny Heggheim Myklebust (20) vann Fridthiov Oos’ legat med eksamenssvara deira på nynorsk. Foto: Privat