«Kva er vel viktigare, kva ambisjonar kan vel vere større, enn å utføre arbeid som trass alt er samfunnskritisk?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Årets 1. mai blir annleis – akkurat som resten av dagane i 2020 også vil vere annleis.

Dagen handlar ikkje berre om at me fysisk ikkje kan møte kvarandre, at sjølve markeringa av dagen ikkje vil bli som før. Det handlar om kva me tenkjer på på arbeidarane sin dag.

Koronaen har endra mykje ved oss, og ein av desse tinga er (forhåpentlegvis) korleis mange av oss ser på yrke og karriere.

Smittefritt heimekontor

Då koronaen gjorde sitt inntog i Noreg, og alle plutseleg fekk beskjed om å gjere det ein stort sett prøver å unngå i yrkeslivet, nemleg å ta med seg jobben heim, så kunne dei fleste gjere nettopp det.

Dei plukka med seg ei datamaskin og sette seg på det trygge og smittefrie heimekontoret. Men det gjaldt ikkje alle. Nokre fekk framleis beskjed om å gå på jobb, trass i smittefaren. Desse måtte på jobb fordi me ikkje kan klare oss utan dei.

Inger Helgestad går lite ut og tek sjeldan på seg sminke og jeans i sjølvpålagt koronakarantene. Foto: Privat

Dei samfunnskritiske yrka

Plutseleg var det så veldig tydeleg kven som hadde viktige yrke. Samfunnskritiske yrke.

Det blei til og med publisert ei liste over kven som inngår i denne kategorien. 

Denne lista over arbeidarar som må gå på jobb i ei tid der alle andre får lov til å halde seg heime, er ei interessant liste. For dersom du les den er eg villig til å setje mykje av pengane mine på at fleire av desse yrka ikkje er dei du i utgangspunktet hadde tenkt på som dei mest attraktive yrka å ha.

Kassa på Kiwi

Når ein er liten, er det visse yrke som blir nytta om lag som skremsel, i eit eller anna merkeleg forsøk på å motivere dei unge til utdanning.

«Du må få deg ei utdanning, viss ikkje må du jobbe som *sett inn yrke her* resten av livet».

Du kan vel ikkje sitje i kassa her resten av livet?

Dette handlar sjølvsagt berre om kva status den som snakkar tilskriv yrka ein snakkar om, ei subjektiv vurdering gjort av den enkelte, men det er likevel ofte dei same gruppene av yrke som går igjen.

Kor mange ungdommar på butikk har ikkje opplevd å få beskjed om at «Du kan vel ikkje sitje i kassa her resten av livet»? Det indikerer ei slags oppfatning av at det aktuelle yrket det er snakk om ikkje er «godt nok». 

«Skremselsyrka»

Det interessante no er at me faktisk har fått ein fasit på dette.

Ikkje ein fasit på kva yrke som har høgast status, men ein fasit på kva yrke som faktisk er dei viktigaste, og slik sett kanskje også dei mest givande. Kva yrke som kanskje burde ha høgast status i samfunnet.

Det interessante med dette, er at veldig mange av desse «skremselsyrka», desse yrka som av mange blir sett på som mindre attraktive, er på den samfunnskritiske lista.

Me får plutseleg så veldig i fleisen kven som gjer ein viktig jobb. Og me blir flaue.

Student i åresvis

Forhåpentlegvis blir me flaue – for me burde jo ha innsett det mykje før. Me burde ha skjønt at desse er heilt nødvendige for at alt skal gå rundt.

Me burde ha skjønt at desse er heilt nødvendige for at alt skal gå rundt

Medan eg har vore student i snart fire år, og skal vere student i litt for mange år til, har butikkarbeidarar, lastebilsjåførar, reinhaldarar og søppeltømmarar halde samfunnet i gang.

Dei har halde samfunnet i gang på ein måte som eg aldri kjem til å gjere, sjølv den dagen eg forhåpentlegvis blir ferdig utdanna og kanskje får ei fast inntekt. 

Oslo 20200427.
Sporveien har forsterka reinhaldet under koronakrisa for at dei som er avhengige av buss og trikk skal koma fram dit dei skal. Ali Tepeli er blant dei som gjer ein viktig jobb med å halda det reint og smittefritt. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Yrkesfag vs studiespesialiserande

Slike statusskilnadar i yrkeslivet er ikkje noko nytt. Det heile startar faktisk mykje tidlegare enn det – allereie på ungdomsskulen.

I 10. klasse skal dei unge håpefulle for første gang velje ei klar retning i livet – dei skal søke på vidaregåande utdanning. Her skal dei velje mellom ei yrkesfagleg utdanning eller ei studiespesialiserande utdanning. Det har lenge vore snakk om at desse to utdanningsretningane ikkje er likestilt i status når ungdommane skal velje.

Mange opplever at yrkesfag ikkje er «godt nok». At dei burde ha «høgare ambisjonar». At dei burde ønske å studere.

Mange opplever at yrkesfag ikkje er «godt nok»

For å illustrere dette, gjer eg eit raskt googlesøk på «status yrkesfag»– eit søk som gir meg følgjande resultat i overskrifter: «For å øke status på yrkesfag trenger vi fleire fagligledere med fagbrev», «Vi må gi yrkesfagene et løft», «Du som er så skoleflink kan da ikke gå yrkesfag» og «Yrkesfag er blitt den «dumme» utdanninga». Alle desse treffa var frå 2019.

Kanskje kan me endeleg få eit meir likestilt utdanningsval, når me no ser at mange av dei heilt sentrale yrka i samfunnet ikkje nødvendigvis er utført av folk som har teke utdanning på ein høgskule eller eit universitet.

Mange har gått transportlinja på vidaregåande, mange har gått sal og service og mange er utdanna helsefagarbeidarar.

Me må rett og slett slutte å tru, og i alle fall slutte å overtyde ungdommane våre om at høgare utdanning er det einaste som kan gi deg verdi og retning i livet.

Faksimile frå Bergens Tidene og Nationen.

Utdanning er viktig

No er ikkje dette ein tekst som skal nedvurdere viktigheita av høgare utdanning. For det er viktig.

Det er ein grunn til at Henrik Asheim viser til utdanning som heilt sentralt for at me skal kome oss ut av denne krisa. Det skal ikkje bli bagatellisert, heller ikkje av meg.

Også lista over samfunnskritiske yrke viser dette, for det er jo naturlegvis veldig mange på denne lista som har studert på ein høgare utdanningsinstitusjon. Slik som eksempelvis sjukepleiarar, legar, barnehagelærarar og lærarar.

Og då er det ekstra gledeleg at Samordna Opptak kan fortelje at årets førebelse søkjartal tyder på at det er rekord i kor mange som har søkt seg til høgare utdanning, og at fleire studieretningar som leiar til nettopp samfunnskritiske yrke, har auka. Det er naturlegvis heilt supert og noko me bør glede oss over. For me treng alle.

Applaus, oppmuntring og betre løn

Samtidig må me hugse at «alle» i aller høgaste grad også inkluderer dei som ikkje tek utdanning på ein høgskule eller eit universitet.

Me må hugse at yrka som per i dag kanskje er dei mest attraktive for mange, dei yrka som har mest status og gir mest pengar på bankkontoen, ikkje nødvendigvis er dei yrka som held samfunnet i gang når det trengst som mest.

Me må halde fram med å heie også når koronaen er ferdig

Me må hugse at me godt kan applaudere dei som utfører samfunnskritisk arbeid no, men at me må halde fram med å heie også når koronaen er ferdig, og at dette bør få handfaste konsekvensar i form av betre arbeidsvilkår og ei meir passande (les: høgare) løn for mange av våre viktigaste arbeidarar.

Og til sist må me hugse å aldri meir seie til dei ungdommane som vil søke seg til ei yrkesfagleg utdanning, dei som jobbar i butikk, dei som jobbar som reinhaldarar, som yrkessjåførar eller kva som helst anna, at dei burde ha høgare ambisjonar enn dette.

Me burde heller oppmuntre – for kva er vel viktigare, kva ambisjonar kan vel vere større, enn å utføre arbeid som trass alt er samfunnskritisk?

Student og småbarnsmor Inger Helgestad (23) kjem frå Jostedalen, men bur i byen. Foto: Privat