No blir det meir nynorsk på Store norske leksikon

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk kultursentrum har sidan 2008 arbeidd saman med ulike samarbeidspartnarar for å byggje eit nynorsk oppslagsverk. No skal det nynorske nettleksikonet Allkunne integrerast i Store norske leksikon.

– Store norske leksikon styrkjer seg med dette som nasjonalt leksikon. Det er sjølvsagt for oss og medlemane våre at begge dei norske skriftspråka blir styrkte som fagspråk, og vi er glade for å gi dei mange lesarane av Store norske leksikon meir nynorsk, seier styreleiar Knut Olav Åmås i Store norske leksikon i ei pressemelding.

Vanskeleg å konkurrere

I staden for å konkurrere har dei to institusjonane som mål om å styrkje norsk fagspråk. Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum seier avtalen gjer at fleire lesarar får tilgang til viktig innhald på nynorsk og om nynorsk kulturhistorie.

– Det er ressurskrevjande å konkurrere. Derfor vel vi i staden å gå i lag med ein større aktør som når fleire lesarar i same målgrupper som oss, for at innhaldet skal nå fleire, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark og styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum. Foto: Sunniva Lund Osdal

Det vil framleis vere to årsverk som skal arbeide med leksikon i Hovdebygda. Nynorsk kultursentrum skal bidra med same økonomiske bidrag, samstundes skal Store norske leksikon bruke meir tid og ressursar på nynorsk.

Allkunne tilgjengeleg for fleire

Store norske har artiklar på både bokmål og nynorsk frå før, men med dette samarbeidet skal endå fleire artiklar vere på nynorsk. I tillegg skal nye emne og personar som ikkje har hatt artiklar på Store norske, bli dekte.

– Vi er glade for å kunne gjere mykje av det kvalitetsinnhaldet som har vore på Allkunne, tilgjengeleg for eit breiare publikum, seier sjefredaktør Erik Bolstad i Store norske leksikon i pressemeldinga.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, gratulerer Store norske leksikon og Nynorsk kultursentrum med avtalen:

Skjermdump får Ole Kristian Grønneng