Fem grunnar til å følgja Lokførartvillingane
Gudrun og Halldis Folkedal har vorte heile Noregs lokførartvillingar. Her er fem grunnar til at me diggar dei.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
1. Dei er tvillingar
Dette er vel eigentleg den einaste grunnen ein treng til å følgje Lokførartvillingane på Twitter. Kven elskar ikkje tvillingar som gjer det same og kler seg likt?
Me kan gjerne køyra nattog me! #vondskapenslok pic.twitter.com/mskArRLorM
— Lokførartvillingane (@loktvillingane) June 4, 2020
2. Dei frontar nynorsk
Halldis og Gudrun Folkedal kjem frå Granvin i Hardanger og er difor oppvaksne med nynorsk som hovudmål. Dette har dei teke med seg inn i yrkeslivet og frontar språket sitt både i tekst og innhald.
Dette er ein stor dag for oss. No kan du kjøpa billettar på nynorsk hjå @vygruppen. Eit stort sjarmpoeng til arbeidsgjevaren vår der altså. https://t.co/22qRONoecl
— Lokførartvillingane (@loktvillingane) June 22, 2020
3. Dei er kvinner i eit mannsdominert yrke
I yrkesspalta vår kan du lesa meir om korleis Halldis Folkedal (36) har det på jobb.
– Det beste med jobben er nok dei fine naturopplevingane og stoltheita ein får av å køyre tunge og lange tog. Ingenting slår det å sitje der åleine i førarrommet, kanskje med god musikk på høgtalarane og suse gjennom vakre landskap, fortel togføraren.

Halldis og Gudrun Folkedal er begge lokførarar på same strekningane. Foto: Halldis Folkedal/Flickr
Det er mykje spanande å læra om yrket, som at lokførarar som takkar for seg vert heida med flagg på sin siste reis:
*Tårer i augo* Akkurat no har lokomotivføraren på Bergensbana med lengst ansiennitet (40 år og 4 mnd) sin siste tur over fjellet. Når folk går av med pensjon på jernbana er det tradisjon for å møta opp med flagg og vinka. Den eine tvillingen er med på ferda for å passa på han. pic.twitter.com/ULEAlBkSXt
— Lokførartvillingane (@loktvillingane) May 28, 2020
4. Dei driv folkeopplysing
Lokførartvillingane nyttar plattforma si til å redda liv med å spreia folkeopplysing om togtrafikk. Det er viktig å halda god avstand til planovergangen, og her ser du kva du skal gjera om du står fast på skinnene.
I dag er den internasjonale planovergangsdagen! Me feirar med pomp og prakt, og med god avstand til vår næraste planovergang. Fortel oss gjerne om korleis du skal feira dagen! pic.twitter.com/rRe2JAkgv8
— Lokførartvillingane (@loktvillingane) June 11, 2020
5. Tog er kjempekult!
Er det nokon som kan spreia togglede, så er det Lokførartvillingane. Me får lyst å skifta karriere for å ha ein slik utsikt frå kontoret:
Ver så god, her kjem litt togmeditasjon ❤️ pic.twitter.com/2IlDy9FZrc
— Lokførartvillingane (@loktvillingane) March 15, 2020