Kan bli aktuelt å avlyse fadderveka i Oslo
For mange studentar samlar seg i parkane i Oslo som ein del av fadderveka. Dersom dette ikkje endrar seg, må fadderveka avlysast, seier byrådsleiar Raymond Johansen (Ap).


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Han skal møte rektorane ved høgskulane og universiteta i hovudstaden, opplyste byrådsleiaren på ein pressekonferansen tysdag.
Johansen viste til at smitta no aukar mest blant unge.
– Vi treng festvit. Er det 20 eller færre til stades? Kan ein halde éin meters avstand? Er du frisk? Har du moglegheit for å vaske hender? Er du klar for å risikere karantene? Er svaret nei på eitt av desse, dropp festen, var den klare meldinga hans.
________________________________________________________________________Les innlegget frå NSO-leiar Andreas Trohjell: «Faddervekene i år er endå viktigare enn før»