«Faddervekene i år er endå viktigare enn før»

Andreas Trohjell
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

August månad inneber for mange eit hav av kjensler. Det er for nokon tida du skal flytte vekk frå heimstaden din. Kanskje frå ei av fleire vekkgøymde bygder i det ganske land til ein sokalla storby. For nokon, så skal ein prøve å passe inn på eit studium medan gjengen har reist i militæret, eller går ut i jobb. Det er òg nokon som skal tilbake på skulebenken, frå ein kvardag som følgde ein ni til fire dag.

Faddervekene i år er endå viktigare enn før

August skal i utgangspunktet være ein måned full av optimisme, men på grunn av korona opplever både nye og gamle studentar i større grad usikkerheit. Me meiner difor at faddervekene i år er endå viktigare enn før.

Under faddervekene dannar ein sosiale relasjonar som varar ut studietida, om ikkje livet. For at faddervekene skal ha den effekten dei vanlegvis har, treng me at utdanningsinstitusjonane investerer ekstra mykje i fadderopplegget i år.

Me opplever at dei fleste ynskjer å sleppe heildigital fadderveke, men me opplever òg at studentar manglar informasjon om reglar og rutinar knytta til smittevern. Det gjer at det blir vanskeleg å planlegge for fadderopplegg på campus.

Både fagleg og sosialt er det viktig at studentane har eitt korrekt inntrykk av kva dei kjem til. Me vonar at utdanningsinstitusjonane leverer gode forventingar og gjer seg tilgjengelege, gjennom eigne studentressursar som kjenner kvardagen som no blir ein realitet for mange. Ofte er det veldig mykje informasjon til nye studentar, særskild i år, så det gjer ingenting å seie ting to gongar.

Det kan vera fleire grunnar til fråfall frå studiane, men la oss sørgje for at korona ikkje skal bli utslagsgivande

Året i år gav rekordmange søkjarar til høgare utdanning, noko som er gode nyhende. Likevel veit me ikkje noko om kor mange av desse studentane som er igjen om eit år. Det kan vera fleire grunnar til fråfall frå studiane, men la oss sørgje for at korona ikkje skal bli utslagsgivande og byggje opp det gode, sosiale miljøet me veit studietilværet kan vera.

Uansett kor viktig det sosiale nettverket du dannar på studiet er, så studerer ein for læringa. Også det vil koronaen setje på prøve. Me ser frå Studiebarometeret at noko av det studentar allereie er minst nøgd med i studiesituasjonen er fagleg oppfølging. No går me inn i eit semester der samspelet mellom undervisar og student kan vidare visne hen ved for få fysiske møtestadar. 

For å sikre dette, er det viktig at institusjonane tar ansvar og sørgjer for tilgjengelege vegleiarar og undervisarar som kan bidra til byggje opp studentane sin faglege identitet. At studentar vert involverte i faglege aktivitetar som bidreg til å byggje deira faglege identitet, er eitt viktig ansvar som institusjonane må leggje til rette for.

Det skal vera mogleg å få ein fullkomen studiestart, sjølv med dei restriksjonane korona førar med seg. I år, som alle andre år, oppmodar me studentar til å glede seg til studiane sine. For mange er det eit høgdepunkt i livet, og opnar mange dører. Lukke til!


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til: tips(a)framtida.no!

F.v. Emilie Vang, Gaute Wiik, Stian Sørensen og femannskolektivet med Inger-Johanne Jørstad. Foto: Privat