Åtvarar mot rebusløp og pub-til-pub under fadderveka

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hendinga oppstod i samband med eit rebusløp for studentane ved Høgskolen i Kristiania, skriv Bergensavisen.

Bilete frå staden viser mange studentar som står tett i tett i ein lang kø utanfor Eplehuset i Bergen sentrum.

– Så store samlingar er ikkje ønskjeleg, og vi ber folk om å ta omsyn til avstandsreglane. Tiltaka på innsida av butikken var god, men på utsida var det problematisk, seier innsatsleiar Tom Johannessen i Vest politidistrikt.

Rår mot rebusløp og pub-til-pub

Smittevernoverlegen reagerer med bekymring over situasjonen og seier at ho kjem til å ringje skulen umiddelbart.

– Vi har rådd mot rebusløp og pub-til-pub. Vi ønskjer heller at dei held seg på éin stad og har det kjekt saman i ei lita gruppe, seier smittevernoverlegen Karina Koller Løland til BA.

Fadderstyret til høgskulen forklarer at det har vorte teke grep etter køsituasjonen.

– Det var litt mange faddergrupper som gjekk til den posten samtidig, og det er veldig beklageleg. Vi har vakter på alle postar, men dei hadde ikkje førebudd seg heilt på at det skulle bli så mange med ein gong, seier Line Louise Røen, som er leiar for regional marknadsutvikling ved Campus Kristiania.

Helsestyresmaktene bekymra

Ved BI er alle utelivsarrangementet under fadderveka «Fadderullan» avlyst på grunn av koronapandemien. På Universitetet i Oslo (UiO) vil faddervekene bli gjennomførte, men i mindre grupper enn vanleg.

Koronasmitte blant unge i samband med fest og sosiale samankomstar har vore eit heitt tema den siste veka, og i Oslo har over 40 personar vorte smitta etter ei rekkje festar. Både helseminister Bent Høie (H) og Folkehelseinstituttet (FHI) har reagert på situasjonen.

Avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet Line Vold, helse- og omsorgsminister Bent Høie, helsedirektør Bjørn Guldvog under ein pressekonferanse om koronasituasjonen.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Festing blant unge og spesielt faddervekene som no skal i gang på universitet og høgskular, er noko vi ser på med bekymring, sa avdelingsdirektør Line Vold i FHI fredag.

– Det er viktig at studentar kan møtast og byggje sosiale nettverk, men vi åtvarar mot å samle store mengder folk, særleg blanda med alkohol, sa ho.

NSO-leiar Andreas Trohjell. Foto: Skjalg Bøhmer Vold/NSO