Rekordmange jenter søkjer gutedominerte utdanningsprogram

Gutedominerte utdanningsprogram har aldri hatt fleire kvinnelege søkjarar enn i år. Det gir håp for betre kjønnsbalanse i arbeidslivet, meiner kunnskap-. og integreringsministeren.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aldri før har fleire jenter søkt seg til utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon enn i år, skriv Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding.

Talet på jenter som har søkt seg til Vg1 på desse faga har auka med 50 prosent dei siste tre åra.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). Foto: Venstre

Føresetnad for betre kjønnsbalanse i arbeidslivet

– Om vi skal oppnå betre kjønnsbalanse i arbeidslivet er det også ei føresetnad at fleire jenter og gutar vel utradisjonelt, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Det er framleis stor overvekt av jenter ved fleire utdanningsprogram, blant anna helse- og oppvekstfag og kunst, design og handverk.

På det nye utdanningsprogrammet frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesing, var 90 prosent av søkjarane kvinner.

Rhine Storetvedt er godt nøgd med skulen. Foto: Svein Olav B. Langåker