Rhine (17) drøymer om å jobba på ubåt: – Det er nok mange som ikkje vel yrkesfag fordi dei ikkje tør

Rhine Storetvedt (17) vart inspirert av arbeidsveka og ein prat med tanta. I haust flytta ho på hybel og går no på elektro-linja på Stord vidaregåande.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er nok mange som ikkje vel yrkesfag fordi dei ikkje tør

– Det er veldig gøy! Eg trivst godt! seier Rhine Storetvedt.

17-åringen frå Tysnes sør for Bergen er éi av berre to jenter i elektroklassen på Stord. Ho kjente ingen der då ho starta.

– No er me ein stor venegjeng, fortel ho.

– Føltes rart og ikkje rett å gå på yrkesfag

Men at ho skulle velja yrkesfag og elektro var ikkje sjølvsagt.

– Far min snakka om at det kunne vera noko for meg å ta elektro. Men eg nekta.

– Kvifor det?

– Det føltest rart og ikkje rett at eg skulle gå på yrkesfag.

Men arbeidsveka i 10. klasse skulle endra på det. Då fekk ho jobb hos elektrikarfirmaet Tiko på Tysnes. Det var ei kjekk veke.

– No trivst eg veldig godt, og det kjennest heilt rett, smiler Rhine Storetvedt.

Miljøet i klassen er veldig bra synest ho.

– Eg lærer mykje og lærarane er veldig flinke.

Rhine Storetvedt (17) tenkte først at ho ville bli huselektrikar, men no fristar det aller mest å vera elektrikar om bord i ubåt.

– Deilig å vera sjølvstendig

I haust flytta ho på hybel i eit hybelhus på Stord.

Først fekk ho ikkje lov til å flytta av foreldra, men så forandra dei meining ein månad før ho skulle byrja på skulen.

– Det fungerer veldig greitt å bu på hybel, seier ho. Ho kjente to andre frå Tysnes som flytta til Stord, men ingen frå Stord. Heldigvis vart ho godt teken i mot.

– Det var jo litt skummelt å begynna i ein ny klasse, der du ikkje kjenner nokon – og det berre er éi anna jente og 30 gutar der. Men så gjekk det eit par dagar og då hadde me det gøy ilag, seier ho.

På fritida er ho med venner. Ho er blitt veldig godt kjent med den andre jenta i klassen.

Det er òg mykje å gjera når ein bur åleine. Mat må lagast og husarbeid tar òg tid.

– Har du heimlengt?

– Eg hadde litt heimlengt i starten, men no føler eg at det er litt deilig å vera sjølvstendig. Eg føler meg meir vaksen når eg bur åleine og har kontroll på alt sjølv.

– Eg hadde litt heimlengt i starten, men no føler eg at det er litt deilig å vera sjølvstendig.

– Eg trivst best med naboar

Avstanden mellom Tysnes og Stord er ikkje lang, og ho er heime nesten kvar helg. Men ho har ikkje planar om å flytta tilbake for å bu der etter utdanninga.

– Det er litt for lite folk og litt for lite by for meg. Eg tenkjer å anten bli verande på Stord, eller å flytta til Bergen. Eg trivst best med naboar.

– Kva er det som gjer at du vil bu i ein by?

– Eg veit ikkje heilt. Eg berre trivst godt i by.

Somrane vil ho likevel gjerna ha på Tysnes, som ho synest er ein flott stad å vera frå.

Rhine Storetvedt (17) er ganske sikker på at ho får jobb, så lenge fråveret er lågt og karakterane ganske gode.

Ikkje så sjenert lenger

Musikken har vore ein stor del av livet til Rhine Storetvedt. Ho kan spela piano, diverse korpsinstrument, gitar, ukulele, trommer og blokkfløyte.

– Eg spelte i korps i nesten ti år, og fekk musikken inn den vegen. Og så fekk me piano heime. Trommer og gitar lærte eg på ungdomsskulen, og ukulele har eg lært meg sjølv, fortel ho.

– Er det noko anna musikken har gjeve deg enn å læra instrument?

– Det har vore å spela i lag, og dela noko med andre – og gjera kvarandre gode.

Rhine skildrar seg sjølv som omgjengeleg, og har blitt godt vant med å opptre og snakka framfor for publikum.

– Det er ikkje noko problem. Eg er ikkje så sjenert.

– Har det at du ikkje er så sjenert gjort det lettare å velja yrkesfag og elektro?

– Eg var meir sjenert før. Eg veit ikkje kva tid eg slutta å vera redd for å snakka. Men eg trur det har noko å seia, ja. Det er nok mange som ikkje vel yrkesfag fordi dei ikkje tør, og fordi dei ikkje vil skilja seg ut.

– Eg var jo veldig redd eg òg, men med ein gong du kjem inn i klassen, så kjennest det heilt naturleg og rett

– Har du nokon råd til andre som er meir forsiktige?

– Det er kanskje litt flautt og annleis akkurat der og då, men med ein gong du kjem inn i miljøet så kjennest det heilt naturleg. Eg var jo veldig redd eg òg, men med ein gong du kjem inn i klassen, så kjennest det heilt naturleg og rett viss det er det du interesserer deg for.

– Me har masse praksis, og lite teori på skulen, seier Rhine Storetvedt. På Vg1 har dei tre forskjellige fag innan elektro: elenergi, dataelektronikk og automasjon. Foto: Svein Olav B. Langåker

Vil vera med på det grøne skiftet

Rhine Storetvedt er medlem i ungdomsrådet i Tysnes, og interessert i politikk og engasjert i verda rundt seg.

Miljø er ei viktig sak for ho. Som elektrikar kan ho tenkja seg å vera med på elektrifiseringa og det grøne skiftet.

– Eg ser at alt har som har med elektro å gjera vil det vera behov for i framtida. Det er ikkje ein jobb som vil døy ut.

– Eg ser at alt har som har med elektro å gjera vil det vera behov for i framtida. Det er ikkje ein jobb som vil døy ut.

Drøymer om ubåt-jobb

Draumejobben er jobb på ubåt.

– Tanta mi er elektrikar på ubåt i Forsvaret. Det er noko eg kan tenkja meg, seier ho.

For å få jobb på Haakonsvern i ubåt kan ho velja elenergi eller skipselektronikk til hausten.

– Vil du takla det å bli med ubåten 200 meter under sjøen i fleire veker?

– Ja, eg trur det. No skal eg ut i praksis i juni. Då skal eg prøva å få meg plass der og sjå korleis det er. Forhåpentlegvis så blir det bra og så håpar eg at eg kan få meg jobb der i framtida.

Kristoffer Gjerstad (15) og Daniel Hagen (15) frå Tysnes vil satsa på ein jobb innan olja. Foto: Svein Olav B. Langåker