Frå naturvern til klimakamp – frå vassdragsdebatt på 70-talet til vindmølledebatt i dag

Korleis vi skal forvalte naturressursane vi har her i Noreg er det mange meiningar om. På 70-talet herja debatten om vern av vassdrag. I dag demonstrerer folk mot at friluftsområda deira skal bli vindmølleparkar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debattantane har ein viss likskap: Vi treng fornybar energi og vi har naturressursane som trengst for å skape han. Samtidig er vi nøydde til å ofre delar av naturen, som for mange er verdifulle område til friluftsliv eller landbruk. Men kva skil debatten i dag frå den tilbake på 70-åra?

Kristin Asdal er professor hjå Senter for teknologi, innovasjon og kultur hjå UiO. Foto: UiO

– Det som er forskjellen i dag frå 70-talet, er at den gongen var det å skulle verne store unike naturressursar knytt til vassdrag ei klar miljøsak. Når det gjeld vindkraft er det meir ein kamp om kva som er den gode miljøsaka, seier professor Kristin Asdal ved UiO.

Ho meiner at naturvernsaka og klimasaka i dag står meir opp mot kvarandre.

– Meir uoversiktleg

Asdal er professor i vitskaps- og teknologistudium ved Universitet i Oslo. Ho har særleg forska på vitskapsstudiar og studiar av natur og politikk.

Ho meiner sakskomplekset har endra seg og at debatten har blitt meir komplisert. Dei store konfliktlinjene når det gjeld energi gjer ikkje akkurat saka noko lettare.

– Vassdragssakene var i større grad knytt til nasjonal diskusjon om produksjon og bruk av energi. Ein diskusjon om kor mykje energi vi treng, kor vi skal ta den frå og kva energi skal vi ha. No er det meir uoversiktleg, med spørsmål om kor energien går, kven tener på han og om han kjem i staden for anna type energi, seier Asdal.

Demonstrasjon mot utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget. Fleire hundre menneske har slått leir ved nullpunktet i Stilla for å hindre anleggsarbeidet og kraftutbygginga. Parolen « La elva leve» er malt på steinar. Foto Erik Thorberg / NTB scanpix/ NPK

Sterk demokratisk tradisjon

– Kva trur du dei store protestane kan gjere med folk sin tillit til politikarane?

– Eg trur at det i norsk politisk etterkrigshistorie er ein sterk demokratisk tradisjon der dei som er berørte har rett til å bli høyrde. Dersom du har gode argument og ein god prosess, så betyr det at den opphavlege prosessen kan endre seg. Det er først når politikarane ikkje tek opp i seg motargument at dei mister legitimitet.

Folkeaksjonens fakkeltog mot utbygginga av Alta-vassdraget. Første banner med «Elva skal leve». Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix / NPK

– Må roast ned

I eit lesarinnlegg i Aftenposten skriv olje- og energiminister Tina Bru og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn at potensialet for ny vasskraft utan store naturinngrep er avgrensa.

Ministrane skriv også at dei som kjenner historia, veit at det har vore store konfliktar knytt til nettopp slik utbygging i Noreg før.

Foto av olje- og energiminister Tina Bru (H): Høgre/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0 / Foto av Sveinung Rotevatn: Svein Olav Langåker, Framtida.no

Bru og Rotevatn meiner vi har dei beste vindressursane i Europa, og at vindkraft på land har lågast utbyggingskostnader. Men at både debatten og utbygginga må roast ned.

Det store engasjementet som utbygging av vindkraftanlegg har ført med seg har også energiministeren fått kjenne på kroppen. Då Bru besøkte Haugalandet i juni fortalde ho til NRK at ho opplevde ubehag i møte med vindkraftmotstandarar.

Ikkje nok

Det har vore store diskusjonar rundt utbygging av vindkraftanlegg fleire stader i landet. I dag kjempar vindkraftmotstandarar mot full stans i utbygginga av vindkraftverk på Haramsøya. På Øyfjellet i Mosjøen i Nordland har det vore store protestar, medan utbygginga av vindkraftanlegget på Vardafjell i Sandnes har vore omstridt.

Trass i at regjeringa i vindkraftmeldinga la fram forslag til innstrammingar i vindkraftregelverket, meiner Naturvernforbundet det ikkje er nok for å roe dei stridane vi ser i dag.

– Dei store konfliktane vi ser rundt oss no, handlar om dei konsesjonane som allereie er gitt. Og der har ikkje regjeringa vore villige til å gjere noko, sa Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet, til NTB då meldinga vart lagt fram.

Protestmarkeringa ved Haramsøy skule mot det planlagte vindkraftverket på Haramsøy. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix / NPK

Sterke følelsar

Asdal ved UiO seier at miljøsakene er komplekse, krev stor grad av kunnskap og kan vere vanskelege å setje seg inn i. Samstundes er følelsane sterke rundt at ein ønskjer å verne noko verdifullt.

– No er alt plassert inne i det grøne skiftet, men vi har kanskje ikkje fått ein like god diskusjon om kva som er det grøne skiftet, seier Asdal.

Karoline Andaur

Karoline Andaur er generalsekretær i WWF Verdens naturfond.
Foto: Haakon Nordvik /WWF Verdens naturfond