Ungdomsparti krev auka satsing på vindkraft

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 06.08.2020 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiar i Unge Høgre, Sandra Bruflot. Pressefoto

– Sjølv om det er vanskeleg, og sjølv om det er eit konfliktnivå, så er det ansvaret til denne regjeringa at vi får bygd ut noko, seier Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot til NRK.

Bruflot etterlyser klarare satsing på vindkraft i Noreg etter at regjeringa skrota den foreslåtte rammeplanen for vindkraft i fjor. Planen fekk massive protestar.

FpU: – Må utvikle nye næringar

– Vi må ta inn over oss at olja ein dag vil ta slutt, anten vi vil det eller ikkje, og då må vi faktisk ha fleire bein å stå på. Vi må utvikle nye næringar som kan sikre verdiskaping, skape arbeidsplassar i heile landet og som også kan bidra til å redusere utsleppa, seier nestleiar Andreas Brännström i FpU til kanalen.

Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre.

Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre.

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark seier til NRK at det ikkje alltid er slik at dei som skrik høgast, representerer fleirtalet.

– Det er både eit fleirtal i befolkninga som meiner at vi skal ta klimautfordringane på alvor, og at vi skal byggje ut meir vindkraft, så eg foreslår at vi høyrer på dei, seier han.

Unge Venstre sa nei til lokalt veto

På landsmøtet i fjor sa Unge Venstre nei til lokal vetorett mot vindmøller.

– Me veit det er mange Venstre-politikarar rundt om i landet som er skeptiske til meir utbygging. Men det er rett og slett eit nasjonalt ansvar at me produserer nok energi, så då kan ikkje kommunar seie nei, sa Hansmark til Framtida i november.

Men NRK melder at ingen av dei fire ungdomspartia vil tvinge kommunar til å byggje ut vindkraft.

KrfU-leiar Edel-Marie Haukland meiner det er viktig at kommunane blir lytta til. Samtidig meiner ho det er viktig å få på plass grøn energi.