Ivar Arne (16) kjempar mot vindmøller: – Håpar dei kan stoppast
Ivar Arne Fjørtoft (16) står i spissen for fleire ungdommar som engasjerer seg i kampen mot vindmøller på Haramsøya.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Åtte 150 meter høge vindturbinar skal reisast på Haramsøya i Ålesund. Det skaper stor motstand. Ivar Arne Fjørtoft bur på Haramsøya der arbeidet med å reisa dei åtte vindmøllene er starta.
– Det er mange ungdommar som er mot vindmøllene. Det er veldig fint i fjella, og det er mykje øydelegging for så lite, seier Ivar Arne Fjørtoft på telefon til Framtida.no.
No i helga har det vore fleire aksjonar – både turmarsj på fjellet, konsert og folkemøte. På måndag sperra fleire bilar for anleggsmaskinar som skulle opp på fjellet.
– Involvér unge!
Organisasjonen Motvind og aksjonen Nei til vindkraft på Haramsøya går rettens veg for å stoppa utbygginga av vindmøllene. Eit samrøystes fylkesutval i Møre og Romsdal har bede regjeringa stoppa utbygginga før protestane er behandla i rettssystemet.
– Eg kunne ønskt at me ungdommar var inkluderte i prosessen, seier Ivar Arne Fjørtoft.
– Det er fleire som føler vindmøllene kjem for tett på. Det blir ei total forandring av liva våre. Med støy og synlegheita, så går det ikkje an å bruka fjella slik me gjer i dag. Det vil senka livskvaliteten vår, og mange ungdommar vil tapa viktige verdiar.
– Vindmøller gjev rein og fornybar energi. Kva tenkjer du om klimaspørsmålet når du seier nei til vindmøller?
– Noreg treng ikkje meir vindkraft. Kvifor selja ut Noreg bit for bit? Det er ikkje til Noreg denne krafta er meint, seier han.
Over 60 prosent av norsk vindkraft er eigd av utanlandske selskap, og 75 prosent av vindkrafta som er under bygging er eigd av utanlandske selskap, ifølgje tal NRK har henta inn. Noreg eksporterer meir kraft enn me importerer, men NVE ventar at energiforbruket vil auka fram mot 2040.
Startar Facebook-gruppe først
Ivar Arne Fjørtoft har vore med på fleire demonstrasjonar mot vindmøllene på Haramsøya.
For vel ei veke sidan skreiv Sunnmørsposten at han og Aurora Longva (15) og Marita Bersnes (16) skulle starta ei ungdomsgruppe av organisasjonen Motvind. Organisasjonen kjempar mot vindmøller i Noreg, og har fått kring 12.000 medlemmar på seks månader.
– Eg har ikkje tida til å starta nokon nasjonal ungdomsorganisasjon, så no først vil me starta ei Facebook-gruppe for andre ungdommar som er mot vindmøller på Haramsøya, seier Ivar Arne Fjørtoft til Framtida.no.
- LES OGSÅ: Nok vindkraft i Europa til heile verda
Håpar på regjeringa
Fredag la regjeringa fram forslag til innstrammingar av vindkraftpolitikken. Ivar Arne Fjørtoft synest det er bra at regjeringa vil retta opp i politikken.
– Eg har eit lite håp om at regjeringa kan stoppa vindmøllene på Haramsøya, seier han.