Amerikanske Thorin (29) lærer seg sørsamisk på nett: – Kvart samfunn og språk er ulikt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når eg held på med mi daglege rutine finn eg ord som eg lurer på kva er på sørsamisk, som kaffe, så går eg til ei nettside og finn ut kva det er, forklarar Thorin på telefon til Framtida.no.

Slik har han lært at kaffe er prïhtjege på sørsamisk.

Sørsamisk oldemor frå Vilhelmina

29-åringen med det nordiskklingande namnet er oppvaksen i Michigan i USA. Han har flytta til Europa der han jobbar med utryddningstruga språk. Av omsyn til jobben vil han bli omtala med fornamn.

Den siste tida har den språkinteresserte amerikanaren freista å kome i kontakt med sine eige språklege røter. Oldemor til Thorin, Signe, var sørsamisk og utvandra frå den svenske tettstaden Vilhelmina til Amerika der ho etterkvart enda opp i Michigan.

Det svenske språket vart til ein viss grad med på flyttelasset, då bestemor hans freista å læra seg det, men det sørsamiske språket vart lagt igjen i Vilhelmina.

No har oldebarnet teke til internett for å finna tilbake til språket som oldemor la bak seg.

På Youtube har Thorin funne videoar som kan rettleia i uttalen:

https://www.youtube.com/watch?v=sLQXQcipW-w

Få sørsamiske ressursar

På chatteplattforma Discord har det mellom anna samla seg fleire som studerer nordsamisk saman.

Thorin fortel at ein av moderatorane, som sjølv er samisktalande oppvaksen i Sápmi, presenterer dagens ord og grammatikk.

Sjølv har han ikkje funne eit liknande fellesskap, fordi sørsamisk ikkje er like utbreidd som nordsamisk.

I tillegg er det ei utfordring at mykje av læreressursane går frå norsk eller svensk, men Thorin har funne ei nettside som omset frå tysk til sørsamisk.

– Eg har også funne nokre videoar på Youtube, som er veldig nyttig, sidan fonologien er heilt ny for meg, forklarar han.

Vil ikkje ha gapta

Thorin meiner sosiale medium har gjort det lettare å finna og få kontakt med folk i ulike samfunn, for å stilla spørsmål

– Kvart samfunn og språk er ulikt, nokre samfunn vernar meir om sin historie, kultur og språk, seier Thorin.

Han opplever at det samiske samfunnet er blanda, der det er mange millenials og gen Z-brukarar som er opne, medan andre er meir tilbakehaldne, noko han har stor forståing for.

Som ein kvit mann fødd og oppvaksen i USA har han ingen intensjonar om å ta seg til rette i den samiske kulturen.

– Det er mykje betre at eg lærer nokre få ord, som eg kan læra vidare til borna mine om eg skulle få nokon, samt læra om historia og politikken.

24 år gamle Elen Ravna er oppteken av at samisk ungdom skal bli høyrt og ha ein fristad der dei ikkje treng å forklare seg. Foto: Privat

Populære DNA-testar

Dei siste åra har ein sett fleire døme på unge samar som stolt løftar fram sin kulturarv. At fleire, også utanfor det samiske miljøet, finn tilbake til røtene sine meiner Thorin er eit tveegga sverd.

Han meiner ein del av grunnen til at fleire finn fram til sitt samiske opphav er at fleire tek DNA-testar på nett for å finne ut meir om opphavet sitt.

– Du har amerikanarar som ikkje veit noko om det samiske, som veljer eit antrekk og vil gjeta rein. Det meiner eg er skadeleg. Sjølv om forfedrane dine var samiske er ikkje du oppvaksen i kulturen, og ein må ha respekt for dei som er det, seier Thorin, og understrekar:

– Eg er delvis samisk, men eg er òg ein kvit mann frå USA.

Thorin les seg òg opp på resten av den sørsamiske kulturen. Foto: Privat

Urfolksbevisstheit

I tillegg til DNA-testane ser 29-åringen ei stadig større bevisstheit rundt uretten som er gjort mot urfolk, anten det er i Myanmar, Skandinavia, Hawaii eller Michigan.

– Vår generasjon og gen Z har vakse opp med dette og med alt som skjer i verda føler dei at dei må gjera noko, seier Thorin.

Han meiner det er bra at folk finn ut av kva rolle deira forfedrar har spelt i historia og korleis dei sjølv tener på den historia.

– Eg vaks opp i eit område som var busett av urfolk, som vart tvinga til å flytta, så eg visste då eg vaks opp at det ikkje var mitt land, seier 29-åringen, som ser det som eit paradoks at oldemor hans både var eit offer for og deltakar i kolonialiseringa.

Statsminister Erna Solberg og dåverande landbruks- og matminister Jon Georg Dale besøkjer reindriftssamar i Finnmark i april 2018. Foto: Kaja Schill Godager/Landbruks- og matdepartementet

– Språk døyr konstant

Thorin har også fått innsikt i korleis det er å vere del av eit urfolk og bli utsett for rasisme gjennom si meksikanske kone, som stammar frå aztekarane.

Som ein amerikanar med samisk bakgrunn ser han på det som si rolle å lytte, støtte og forstå.

– Urfolkskulturar, samfunn og språk er framleis i fare og språk døyr konstant.

– Språk og kultur er ikkje det same

– Kor viktig er språket for å halde kulturen i live?

– Det er eit filosofisk spørsmål som ingen har blitt einige om. Du har personar som er portvaktarar og seier at du ikkje kan ta del i kulturen, om du ikkje kan språket, svarar Thorin.

Han viser til enkelte i latinamerikanske miljø, som meiner at om ein ikkje er flytande i spansk, kan ein ikkje vere ein del av kulturen. Det er han ikkje einig i.

– Språk og kultur er ikkje det same, men språket er ein integrert del av kulturen. Om du mistar språket mistar du òg folkloren, delar av kulturen, musikken og til og med maten. Den sørsamiske kulturen ville levd vidare gjennom ting som kleda og maten, men ikkje kommunikasjon.

Til høgre: Vegard Holtås (20) vil primært ha samisk tekst på samiskspråklege program, men ynskjer seg også samisk tekst på populære ungdomsprogram som Skam. Til venstre er Marlon Langeland i rolla som Jonas. Foto: Privat/NRK