Leiaren i Noereh: – Det er mange kampar som må kjempast
Samiske Elen Ravna (24) har som visjon at Noereh skal vere ei felles stemme for den samiske ungdommen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er ikkje lett å velje berre nokre hjartesaker når det kjem til samiske saker, men eg er spesielt engasjert i vald- og overgrepsproblematikk, samt psykisk helse, skriv Elen Ravna i ein e-post til Framtida.no.
24-åringen frå Tromsø har teke over leiarvervet i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh, trass i at ho ikkje har vore aktiv i organisasjonen så lenge.
Då Ravna flytta til Trondheim i 2016 var ho med å starta ei samisk studentforeining. Deira feiring av 100-årsjubileet av det første samiske landsmøtet auka interessa hennar for å aktivt ta del i det som skjer i Sápmi.
Både ein møteplass og eit politisk talerør
– Kvifor er det bruk for Noereh i 2019?
– Sidan Noereh har to funksjonar, både som møteplass og eit politisk talerør, er det to svar her:
– Det første er mellom anna at det er viktig for mange å kunne møtast ein plass utan å måtte «forklara» kven ein er. I dagens majoritetssamfunn er det diverre framleis lite kunnskap om samar og samiske saker, og difor er det et viktig fellesskap for nokre, svarar Ravna og legg til:
– Det andre er at det framleis skjer mykje i det samiske samfunnet som må løftast opp og fram. Det er mange kampar som må kjempast, og Noereh sin visjon er å vere ei felles stemme for den samiske ungdommen.
– Kva er dei viktigaste sakene for Noereh anno 2019?
– Etter mellom anna ein NIM-rapport som vart utgitt i 2018, vil vald- og overgrepsproblematikk i samiske samfunn stå høgt. I tillegg vil fokuset på naturinngrep, spesielt med tanke på vindmøller i sørsamisk område og den påtenkte Nussirgruva i Repparfjord, spele ei sentral rolle i vårt arbeid. Og sjølvsagt: Det er det Internasjonale året for urfolksspråk! Det skal markerast!
Les også innlegget: Framtida til samisk ungdom blir sett på spel i byte mot pengar og status
Må ta plass
– Korleis kan ein sikra at samisk ungdom vert høyrt?
– Vi må halde fram å ta den plassen vi skal ha. Både blant ikkje-samar og dei eldre samiske generasjonane.
– Kva er idealsamfunnet?
– Eit samfunn der alle får vere den dei er og der alle får eit likeverdig tilbod av moglegheiter.
Elen Ravna
Frå: Tromsø, Sápmi
Alder: 24 år
Yrke/utdanning: Kafémedarbeidar
Favorittfag på skulen: Norsk og politikk
Ulike verv: Leiar i Noereh og styremedlem i Saemien Studeenth Tråantesne
Medlem i: Noereh, Saemien Studeenth Tråantesne, NSR
Kva gjer du i fritida/hobby: Duodji (samisk håndarbeid), vimsar rundt, drikk kaffi