Samiskætta Vegard Holtås (20) lærer seg nordsamisk. No håpar han ein internasjonal underskriftskampanje kan få NRK til å teksta på samisk.
mm

– Eg skulle veldig gjerne sett Skam med samisk tekst. Kanskje kjem det eit godt samisk nyord for hooking, seier Vegard Holtås.

20-åringen frå Bergen har samiske aner på farssida og er no i gong med å læra språket som verken far hans eller farfaren kunne.

«Addet midjiide tekstemiid»

Som «bysame» ser og høyrer han lite til språket sitt, difor har Holtås teke initiativ til ei internasjonal underskriftskampanje som krev samisk teksting til program på NRK, SVT og Yle.

Så langt har over 3000 personar frå ulike delar av verda skrive under på oppropet: «Gi oss teksting» /«Addet midjiide tekstemiid».

Per i dag finst det nemleg ikkje samisk teksting på dei statlege TV-kanalane i Noreg, Sverige eller Finland.

Både NRK, SVT og Yle produserer innhald med samisk tale, men også desse programma er teksta på høvesvis norsk, svensk og finsk.

Holtås forstår at ein har eit ynskje om at flest mogleg sjåarar skal forstå innhaldet, men meiner det burde vore mogleg å velje samisk tekst.

– Eg meiner at ein signaliserer at samisk er litt annanrangs. Sjølv om dei fleste forstår norsk eller svensk, så har ein rett til informasjon på sitt eige språk, understrekar 20-åringen.

Dette er den vesle jenta Margu i Netflix-filmen Klaus. Ho pratar nordsamisk. Foto: Netflix

Tre krav til NRK, SVT og Yle

Underskriftskampanjen stiller tre krav til statskanalane i Noreg, Sverige og Finland:

  1. At NRK, SVT og Yle innfører samisk teksting som alternativ på program med samisk tale.
  2. At NRK, SVT og Yle legg til samisk teksting som alternativ på fleire av programma med norsk, svensk eller finsk tale.
  3. At styresmaktene i Noreg, Sverige og Finland tilfører fleire ressursar til å utvikle samiske program og samisk teksting.

 

– Må ei politisk endring til

Holtås meiner det er naturleg å prioritere teksting på det samiske språket som vert snakka først, noko som oftast er nordsamisk. Vidare vil dei prioritera nordsamisk, som flest forstår, før sør- og lulesamisk.

Ifølgje UNESCO er nordsamisk er utrydningstruga, og sørsamisk og lulesamisk alvorleg utrydningstruga.

Holtås meiner statskanalane i dei tre landa har eit særskilt ansvar for å ta vare på utryddingstruga språk.

– Personleg trur eg det er mest gunstig å satsa på program som er populære blant dei unge. Den oppveksande generasjonen er mest interessert i å læra seg språket og om ikkje dei yngre generasjonane vil læra det, kjem det til å døy ut, åtvarar han.

Når underskriftskampanjen har fått 10.000 underskrifter vil dei senda dei over til alle partia på Stortinget. Målet er å få endra formålsparagrafen til NRK, slik at dei tek større ansvar for det samiske skriftspråket.

– Det må ei politisk endring til. Først og fremst vil me ha alle parti med på det, men me vil særleg utfordre dei partia som støttar den samiske befolkinga og rettane deira, seier Holtås.

Kulturminister Abid Q. Raja. Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet

Kulturministeren løfte samisk tekst i høyring

I ein e-post via presseavdelinga til Kulturdepartementet viser Abid Q. Raja til forslaget han har lagt fram om ny Språklov, der samisk og norsk er likestilte.

– Det pågår no eit arbeid med revisjon av kringkastingslova. I samband med dette vil departementet sende forslag på høyring om konkrete krav til universell utforming av NRKs tilbod. Høyringa vil inkludere ei vurdering av krav til teksting på samiske språk, skriv kulturministeren.

Han peikar på NRKs vedtekter der det står at NRK skal styrke norsk og samisk språk og styrke norsk og samisk identitet og kultur.

Ministeren løftar òg forslaget til ny mediestøttelov, som blei lagt fram 19. juni 2020. Her inngår eit system for fireårige styringssignal for mediestøtta.

– Det inneber mellom anna at departementet vil ta ein gjennomgang av dei mediepolitiske verkemidla kvart fjerde år, inkludert ei vurdering av behovet for endringar i NRKs oppdrag. Ein slik heilskapleg gjennomgang vil første gong leggast fram for Stortinget i budsjettproposisjonen for 2022, forklarar han.

Direktør i NRK Sápmi, Mona Solbakk, fortel at NRK ikkje har moglegheit til å teksta på fleire språk i dag. Foto: Privat

NRK Sápmi-direktør: – For ressurskrevjande

– Me forstår behovet og ønsket om samisk tekst på samisk tale. I NRK ønskjer me å kunne tilby dette så snart det er praktisk og teknisk mogleg.

Det skriv direktør i NRK Sápmi, Mona Solbakk, i ein e-post til Framtida.no.

Ho kjenner ikkje til at nokon har vore i kontakt med statskanalen om krava.

Ifølgje NRK Sápmi-direktøren har dei per i dag ikkje ei løysning i tv-spelaren der ein kan velje ulike språk. Ho forklarar at dei ikkje vil prioritere å tekste alt innhold på samiske språk, fordi det er «for ressurskrevjande, og nytta vil vere lita».

– Me ønskjer heller å bruke ressursar til å lage og publisere godt samisk innhald som treffer og set spor, forklarar ho, men legg til:

– Når det er sagt, så vil me så snart det er praktisk og teknisk mogleg tekste samisk tale til samisk tekst. Om til dømes lulesamisk er talen, så vil det tekstast på lulesamisk. Slik er også dei nye forventningane frå Kulturdepartementet, men det er som sagt ikkje mogleg i dag.

Kontakt med samisk språkopphav

Vegard Holtås meiner meir samisk teksting er relativt lett å få til, men vil betyr mykje for mange.

– For meg så er det å kome i kontakt med mitt samiske opphav nesten einstydande med å læra samisk. Det er det som motiverer meg til å lære språket og det hadde vore veldig hyggeleg å sjå at dette fekk støtte frå fleire, avsluttar 20-åringen.

Før ho var 19 år var det ingen som visste at Elin Krisina Oskal (23) kunne syngja. No har ho stemma til Anna i den nordsamiske versjonen av Frost 2. Foto: Disney/Privat
Oppdatert: onsdag 8. juli 2020 15.25
ANNONSE